Kroppsøving (KRO01‑06)
Kompetansemål og vurdering

Ikke gyldig før 1.8.2026

Dette settet med kompetansemål er ikkje gyldig for vg1 før 1.8.2026. Fram til da er det forrige versjon av læreplanen som gjeld. Sjå meir informasjon under:

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter vg1

  • trene på og skape nye variantar av leik, bevegelsesaktivitet og dans saman med andre
  • planleggje og gjennomføre metodar for øving og trening for å oppnå individuelle mål, òg når ein ikkje fullt ut kan delta i aktiviteten
  • bruke eigne ferdigheiter og kunnskapar til å samarbeide og bidra til å gjere andre gode i aktivitet og samspel
  • førebyggje skadar ved bevegelsesaktivitetar og utføre grunnleggjande førstehjelp
  • bruke kart og digitale verktøy på ein måte som sikrar trygg ferdsel for seg sjølv og for andre
  • bruke lokale tradisjonar for ferdsel i naturen under vekslande årstider

Undervegsvurdering