Kroppsøving (KRO01‑06)
Kompetansemål og vurdering

Ikke gyldig før 1.8.2026

Dette settet med kompetansemål er ikkje gyldig for 3. trinn og 4. trinn før 1.8.2026. Fram til da er det forrige versjon av læreplanen som gjeld. Sjå meir informasjon under:

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 4. trinn

  • utforske og gjennomføre leikar, idrettsaktivitetar, dansar og andre bevegelsesaktivitetar
  • bruke kroppen til å utforske aktivitetar og utvikle grunnleggjande bevegelsar
  • øve på og bruke basisferdigheiter som å føre, kaste, sprette, sparke og ta imot ball i ulike bevegelsesaktivitetar
  • vere symjedyktig ved å falle uti på djupt vatn, symje 100 meter på magen, og undervegs dykke ned og hente ein gjenstand med hendene, stoppe og kvile i 3 minutt (imens flyte på magen, orientere seg, rulle over, flyte på rygg), så symje 100 meter på rygg og ta seg opp på land
  • forstå og bruke reglar for samhandling i spel og bevegelsesaktivitetar
  • forstå kroppsleg ulikskap mellom seg sjølv og andre, og inkludere andre i ulike bevegelsesaktivitetar
  • utforske uteaktivitetar og samarbeide med andre under vekslande årstider i nærmiljøet
  • lage og bruke kart for å orientere seg i kjent terreng
  • øve på trygg og sporlaus ferdsel i naturen
  • forstå og følgje reglar i trafikken

Undervegsvurdering