Kokkfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (KOK05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Forklaring
Kompetansemål etter råvarekunnskap og handverksferdigheiter
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- og produsere ulike kalde og varme forrettar, hovudrettar, dessertar og tilbehøyr og grunngi val av råvarer, metodar og mengder
Å planleggje er å lage ei framdrift for å nå eit mål. Planen beskriv korleis vi har tenkt å gå fram for å oppnå målet, og kan vise samanhengen mellom aktivitetar, gjennomføring og mål.
Byggjer på kompetansemål etter råvare, produksjon, sal og service (KOS02-01)
- planleggje, produsere, dokumentere og vurdere produkt ut frå oppskrift, ønskt mengd, råvareval, produksjonsmetode og produktbeskriving
- og tilarbeide ulike animalske, marine og vegetabilske råvarer og ta omsyn til ressursutnytting og berekraft
Å nytte heng nært saman med ei praktisk handling der eleven/lærlingen skal ta i bruk både kunnskapar, ferdigheiter, refleksjon og kritisk tenking. Det kan omfatte å ta i bruk relevant dokumentasjon og å nytte arbeidsbeskrivingar.
Byggjer på kompetansemål etter råvare, produksjon, sal og service (KOS02-01)
- bruke ulike konserveringsmetodar og gjere greie for samanhengen mellom konservering, haldbarheit og livsvilkåra for mikroorganismar
- eigna råvarer og tillagingsmetodar i utvikling av måltid som tek omsyn til sensorisk og ernæringsmessig kvalitet
Å nytte heng nært saman med ei praktisk handling der eleven/lærlingen skal ta i bruk både kunnskapar, ferdigheiter, refleksjon og kritisk tenking. Det kan omfatte å ta i bruk relevant dokumentasjon og å nytte arbeidsbeskrivingar.
Byggjer på kompetansemål etter råvare, produksjon, sal og service (KOS02-01)
- bruke ulike konserveringsmetodar og gjere greie for samanhengen mellom konservering, haldbarheit og livsvilkåra for mikroorganismar
- utnytte produksjonseigenskapane til råvarene og gjere greie for kva som skjer med råvarene i ein produksjonsprosess og under lagring og omsetning
- lage og ordne til mat og drikke tilpassa ulike krav og behov, allergiar og intoleransar ogråvareval og tillagingsmetodar
Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
Byggjer på kompetansemål etter råvare, produksjon, sal og service (KOS02-01)
- produsere og gi råd om spesialkost tilpassa gjester, kundar og brukargrupper med spesielle behov og merke menyar og varer etter gjeldande regelverk
- lage til lokale, samiske og norske spesialitetar ogover korleis faget kan bidra til at mattradisjonar blir varetekne og førte vidare
Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
Byggjer på kompetansemål etter råvare, produksjon, sal og service (KOS02-01)
- produsere og tilby mat og drikke ut frå norsk, samisk og internasjonal kultur og gjere greie for kva som kan påverke endringar i forbruksmønster og vareutval
- bruke ulike konserveringsmetodar og gjere greie for samanhengen mellom konservering, haldbarheit og livsvilkåra for mikroorganismar
- og
Å tolke er å byggje opp ei oppfatning eller forståing av meiningsinnhaldet i eit fenomen, ein praktisk situasjon eller eit kunstnarisk uttrykk. Forståinga byggjer ofte på ein analyse av enkeltelement og samanhengen mellom dei.
samansette måleiningar i praktiske samanhengar og velje eigna måleining (Henta frå læreplan i matematikk P)Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- lytte til,og
Å forstå er å oppfatte meininga med noko, skjøne kva som blir kommunisert eller korleis noko heng saman.
fagterminologi munnleg og skriftleg i arbeidssituasjonar (Henta frå læreplan i engelsk)Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- eigenskapar og reaksjonar til nokre stoff og stoffblandingar som er relevante for eige utdanningsprogram (Henta frå læreplan i naturfag)
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen råvarekunnskap og handverksferdigheiter når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen råvarekunnskap og handverksferdigheiter. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i lærefaget. Kompetanasemåla i alle modulane skal forståast i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha éin midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i råvarekunnskap og handverksferdigheiter. Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.