Breiddeidrett (IDR06‑03)
Kompetansemål og vurdering
Forklaring
Kompetansemål etter breiddeidrett 1
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- eit allsidig utval aktivitetar og vise ferdigheiter i nokre av desse
Å gjennomføre er å setje i verk, utføre og fullføre, for eksempel ei oppgåve, ei undersøking eller eit planlagt arbeid.
- og vise ferdigheiter i utvalde treningsformer, metodar og øvingar i basistrening
Å beskrive er å skildre eller gi att ei oppleving, ein situasjon, ein arbeidsprosess eller eit fagleg emne. Å beskrive noko kan òg vere å bruke relevante fagomgrep for å systematisere kunnskap om emnet.
- leik og rytmiske aktivitetar
Å gjennomføre er å setje i verk, utføre og fullføre, for eksempel ei oppgåve, ei undersøking eller eit planlagt arbeid.
- forklare samanhengen mellom trening og helse
- variert helsefremjande trening
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
- vise evne til forpliktande samhandling og respektfull åtferd
- medverke til å byggje gode relasjonar og inkludere andre
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i breiddeidrett 1. Elevane viser kompetanse gjennom å utforske og gjennomføre eit allsidig utval aktivitetar. Dei viser og utviklar òg kompetanse gjennom å utforske helsefremjande trening og ved å forklare korleis dette påverkar helsa.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved å leggje til rette for varierte arbeidsformer og oppgåver som opnar for at ferdigheiter, kompetanse og fagleg forståing hos elevane kan komme til syne på ulike måtar. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i dei fysiske aktivitetane, og elevane skal få høve til å prøve seg fram. Undervegsvurderinga skal bidra til at elevane forstår formålet med å utforske og gjennomføre aktivitetar etter beste evne, og at dei forstår at forventning om framgang i faget må sjåast i samanheng med høvet til å øve. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring slik at elevane kan bruke rettleiinga for å vidareutvikle ferdigheiter og kunnskap.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har ved avslutninga av opplæringa etter breiddeidrett 1. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i breiddeidrett 1 basert på kompetansen eleven har vist ved å delta aktivt i undervisninga. Allsidig fysisk aktivitet og varierte arbeidsmåtar og vurderingsformer skal bidra til at eleven får eit godt høve til å vise den samla kompetansen sin i kunnskaps- og ferdigheitsutviklinga.