Idrett og samfunn (IDR03‑02)
Kjerneelement
Verdigrunnlaget for idretten
Kjerneelementet verdigrunnlaget for idretten handlar om å formidle eit heilskapssyn knytt til individ, idrett og samfunn. Under dette kjerneelementet skal elevane òg stimulerast til å formulere problemstillingar knytte til verdiane og normene i idretten og til aktuelle moralske og etiske dilemma. Kjerneelementet gir kunnskap om kva normer, verdiar og kvalitetar som skal danne grunnlag for idrettsleg aktivitet. Grunnverdiane i idretten står her sentralt.
Utviklinga av idretten
Kjerneelementet utviklinga av idretten handlar om den historiske utviklinga av idretten. Utviklinga av idretten skal gi elevane ei forståing av samanhengar mellom ulike former for idrettsleg aktivitet og samfunnet omkring. Kjerneelementet gir kunnskap om korleis idretten blir organisert og fungerer, både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Utviklinga av idretten omhandlar fleire aspekt ved idretten før, no og i framtida.
Helse og idrett
Kjerneelementet helse og idrett handlar om å sjå samanhengar mellom idrettsaktivitet, livskvalitet og helse i eit samfunnsperspektiv. Kjerneelementet bidreg til at elevane får ei forståing av kjønnsroller, økonomi og helseutfordringar på arenaer som barne- og ungdomsidrett, toppidrett og breiddeidrett. Helse og idrett handlar òg om korleis idretten er med på å utvikle identitet og samhald blant menneske.
Idrettskritisk tenking
Kjerneelementet idrettskritisk tenking handlar om å kunne sjå samanhengar og koplingar mellom påverknaden som idretten har på samfunnet, og påverknaden som samfunnet har på idretten. Kjerneelementet gir elevane trening i kjeldekritikk og i å setje fakta inn i meiningsfulle samanhengar som belyser posisjonen til idretten i samfunnet. Idrettskritisk tenking bidreg til å utvikle evna elevane har til å analysere og tolke informasjon og til å grunngi og ta stilling til idrettspolitiske problemstillingar. Kjerneelementet kan fremje munnleg engasjement.
