Vg3 fiskeri- og akvakulturreiskapsfaget (FIR03‑02)
Tverrfaglege tema
Laster

Berekraftig utvikling
I vg3 fiskeri- og akvakulturreiskapsfaget handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å reflektere over kva miljøpåverknader arbeid med fiskeri- og akvakulturreiskapar kan medføre. Val av reiskapstypar og materiale skal skje med tanke på å beskytte marint miljø og utnytte naturressursar på ein berekraftig måte. Vidare handlar det om korleis stadig utvikling i teknologi kan bidra til drift som varetek marine økosystem.