Vg3 fiskeri- og akvakulturreiskapsfaget (FIR03‑02)
Kompetansemål og vurdering

Ikke gyldig før 1.8.2026

Dette settet med kompetansemål er ikkje gyldig for vg3 før 1.8.2026. Fram til da er det forrige versjon av læreplanen som gjeld. Sjå meir informasjon under:

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål

  • planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere produksjon og reparasjon av utstyr og reiskapar til fiskeri og akvakultur i tråd med gjeldande regelverk
  • velje materiell i produksjon og reparasjon av reiskapar til fiskeri og akvakultur, i samsvar med gjeldande reglement og bruksområde, og reflektere over valet i eit kostnads- og berekraftsperspektiv
  • lage reiskap til fiskeri og akvakultur i samsvar med instruksjonar og teikningar, reflektere over effektiviteten til konstruksjonen og vurdere moglegheiter for forbetring
  • utføre ulike typar samanføyingar i samsvar med gjeldande regelverk og tradisjonelt handverk og drøfte bruken av desse samanføyingane
  • kontrollere reiskap i samsvar med regelverk, reflektere over formålet med regelverket og vurdere moglegheiter for forbetring
  • kjeldesortere og handtere avfall etter gjeldande regelverk og reflektere over konsekvensane av feilhandtering
  • oppbevare og behandle kjemikaliar og helseskadelege stoff i samsvar med gjeldande regelverk og vurdere konsekvensar av feilhandtering
  • gjennomføre arbeidet på ein slik måte at den fysiske og psykiske helsa til ein sjølv og andre blir vareteken, og vurdere ergonomiske tiltak på arbeidsplassen for å betre arbeidsmiljøet
  • kjenne til beredskapsplanar og prosedyrar for nødssituasjonar og reflektere over kor viktige desse er for å redusere talet på og omfanget av ulukker og uønskte hendingar
  • planleggje og gjennomføre risikovurderingar og sikker jobb-analyse i tråd med gjeldande regelverk, og reflektere over betydninga av systematisk HMS-arbeid
  • registrere og rapportere avvik i samsvar med vedlikehalds- og styringssystemet i bedrifta og forklare korleis slike system kan bidra til å forbetre drifta
  • gjennomføre og dokumentere internt ettersyn og vedlikehald av utstyr i tråd med vedlikehaldssystemet i bedrifta
  • utføre hygienetiltak og reinhald på arbeidsplassen etter gjeldande regelverk og etter standardane og styringssystemet i bedrifta, og sjå moglegheiter for forbetring
  • gjere greie for at ulike marknader kan ha ulike standardar og regelverk for reiskapar og sendingar, og kunne finne informasjon om dette.
  • arbeide etter gjeldande regelverk og avtale som regulerer arbeidsforhold i næringa, og gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren

Undervegsvurdering