Dans i perspektiv (DAN03‑02)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i dans i perspektiv inneber å delta i faglege samtalar om dans i eit kunst- og kulturhistorisk perspektiv og i skapande aktivitet. Munnlege ferdigheiter inneber òg å kommunisere eigne meiningar og idear og å drøfte dansehistorie og skapande arbeidsmetodar.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i dans i perspektiv inneber å kommunisere om og reflektere over dans som kunst- og kulturuttrykk. Det inneber òg å utforme, planleggje og omarbeide varierte tekstar om dans, og å bruke fysiske teikn, former og symbol for å formidle kunstnariske idear i koreografi.
Å kunne lese
Å kunne lese i dans i perspektiv inneber å tolke og forstå multimodale tekstar om dans. Det inneber òg å analysere tekstar i lys av historisk kontekst og perspektiv på historieskriving. Vidare inneber det å sjå, oppleve og analysere dans i ulike kontekstar.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i dans i perspektiv inneber å forstå dei dynamiske komponentane tid, rom, kraft og flyt og å bruke desse med medvit for å underbyggje intensjonar i koreografisk arbeid. Det inneber òg å bruke rom med medvit i koreografi gjennom å identifisere og bruke rørsler av ulike storleikar og nivå, former, relasjonar og plasseringar i rommet.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i dans i perspektiv inneber å ta i bruk digitale ressursar i skapande arbeid og framsyning av dans. Digitale ferdigheiter inneber òg etisk medvit og kunnskap om digital publisering, opphavsrett og digital dømmekraft.