Dans i perspektiv (DAN03‑02)
Kompetansemål og vurdering
Forklaring
Kompetansemål etter dans i perspektiv 2
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- , skape og
Å planleggje er å lage ei framdrift for å nå eit mål. Planen beskriv korleis vi har tenkt å gå fram for å oppnå målet, og kan vise samanhengen mellom aktivitetar, gjennomføring og mål.
over ulike koreografiske prosjekt og grunngi eigne valÅ reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- ,
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
ogÅ bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
ulike metodar, tilnærmingar og verktøy i koreografiske eller tverrkunstnariske prosessarÅ beskrive er å skildre eller gi att ei oppleving, ein situasjon, ein arbeidsprosess eller eit fagleg emne. Å beskrive noko kan òg vere å bruke relevante fagomgrep for å systematisere kunnskap om emnet.
- gi og ta imot impulsar i improvisert samhandling med andre
- skape og vidareutvikle rørslemateriale med utgangspunkt i improvisasjon
- dans i ulike format og kontekstar
Å analysere er å undersøke ei sak, ein gjenstand eller eit omgrep for å få avdekka ein bodskap eller ei meining. Å analysere kan bety grundig og systematisk behandling av enkeltelement og samanhengen mellom dei. Analysen kan òg gjelde ein arbeidsprosess.
- og
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
funksjonen til dansen i samanheng med ytringsfridom og demokratiÅ gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
- og
Å presentere er å vise, forklare og leggje fram eit fagleg emne eller eit produkt. Måten å presentere på kan variere, men målet med ein presentasjon er å gjere emnet eller produktet tilgjengeleg for andre. Presentere kan òg bety å illustrere og å demonstrere.
dans i eit historisk og kulturelt perspektiv ved åÅ drøfte er å belyse ei sak ved å trekke fram ulike sider av saka, og argumentere både for og imot. Drøftinga kan slutte med ein konklusjon. Å drøfte kan vi gjere sjølvstendig og i dialog med andre. Ordskifte mellom fleire om eit saksforhold kan bety det same som å diskutere.
ulike kjelderÅ bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i dans i perspektiv 2. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei bruker koreografiske verktøy og verkemiddel i utforsking og utvikling av eigne idear i koreografi. Elevane viser og utviklar òg kompetanse i faget når dei bruker ulike metodar for å undersøkje, forstå og drøfte dans som kunst- og kulturuttrykk i ulike kontekstar, og når dei ser samanhengar mellom teori og praksis i dans.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane får vere kreative og reflektere over koreografiske prosessar og produkt. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i koreografi, danseanalyse og forståing av dans i ulike kontekstar, og elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa, slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle og uttrykkje sine eigne kunstnariske idear og utvikle evna til sjølvstendig kritisk tenking rundt funksjonane til dansen i ulike kontekstar.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har ved avslutninga av opplæringa etter dans i perspektiv 2. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer utforsking av koreografiske metodar i skapande arbeid, forståing, refleksjon og kritisk tenking. Læraren skal setje karakter i dans i perspektiv 2 basert på kompetansen eleven har vist ved å formidle kunstnariske intensjonar og idear gjennom dans og gjennom å drøfte og analysere dans som kunst- og kulturuttrykk i ulike kontekstar.