Dans i perspektiv (DAN03‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Dans i perspektiv handlar om å utvikle kreativitet, analytiske tenkjemåtar og kritisk medvit knytt til dans. Faget skal gi elevane kunnskap om og verktøy til å uttrykkje kunstnariske idear gjennom koreografi og til å forstå dans i ulike sosiale, historiske og kulturelle kontekstar. Dans i perspektiv skal førebu elevane til aktiv deltaking i eit samfunns- og arbeidsliv som stiller krav om problemløysing, kritisk tenking, samarbeidsevne og fleirkulturell forståing. Dans i perspektiv førebur elevane på vidare studiar.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Dans i perspektiv skal bidra til skaparglede, nysgjerrigheit, evne til å ta kunstnariske val og evne til å gjere vurderingar i skapande og analytiske tilnærmingar til dans. Faget skal òg bidra til kulturforståing gjennom ein brei representasjon av danseuttrykk, der norske dansetradisjonar og dans frå samiske og andre minoritetskulturar inngår.