Blomsterdekoratørfaget - modulstrukturert opplæring for vaksne (BLD05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Forklaring
Kompetansemål økonomi og arbeidsliv
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- overslag og budsjett for å berekne materiale til produkt ut frå tidsbruk, innkjøp og lønnsemd
Å nytte heng nært saman med ei praktisk handling der eleven/lærlingen skal ta i bruk både kunnskapar, ferdigheiter, refleksjon og kritisk tenking. Det kan omfatte å ta i bruk relevant dokumentasjon og å nytte arbeidsbeskrivingar.
- korleis varelager, vareflyt, orden og tidsbruk påverkar økonomien i bedrifta og
Å vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
denne kunnskapen i eige arbeidÅ bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- og
Å gjennomføre er å setje i verk, utføre og fullføre, for eksempel ei oppgåve, ei undersøking eller eit planlagt arbeid.
arbeid i samsvar med gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheitÅ dokumentere er å vise kva vi har gjort, og gjerne òg korleis og kvifor. Dokumentasjonen kan ha ulik form og vise kvaliteten på ein arbeidsprosess, eit produkt eller ei teneste.
- arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, ogpliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren
Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderingen skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen økonomi og arbeidsliv når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen økonomi og arbeidsliv. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i modulen. Kompetansemåla i alle modulane skal forståst i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha ei midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i økonomi og arbeidsliv. Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.