Blomsterdekoratørfaget - modulstrukturert opplæring for vaksne (BLD05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Forklaring
Kompetansemål etter blomsterdekorering og handverksferdigheiter
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- formålstenlege handverksteknikkar og verktøy og grunngi eigne tekniske val knytte til kor haldbare materiala er og stil og uttrykk for produktet
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- teknikkar som bidreg til berekraftig ressursutnytting, og
Å nytte heng nært saman med ei praktisk handling der eleven/lærlingen skal ta i bruk både kunnskapar, ferdigheiter, refleksjon og kritisk tenking. Det kan omfatte å ta i bruk relevant dokumentasjon og å nytte arbeidsbeskrivingar.
gjenbruk, avfallshandtering og miljøpåverknad av materialeÅ vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
- analysar, stilform, komposisjonsprinsipp, teknikkar og materiale for å skape eit heilskapleg uttrykk
Å nytte heng nært saman med ei praktisk handling der eleven/lærlingen skal ta i bruk både kunnskapar, ferdigheiter, refleksjon og kritisk tenking. Det kan omfatte å ta i bruk relevant dokumentasjon og å nytte arbeidsbeskrivingar.
- og eksperimentere med ulike handverksteknikkar, verktøy og materiale og
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
denne kunnskapen som inspirasjon i eige arbeidÅ bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- velje,og vedlikehalde verktøy i praktisk arbeid (Henta frå læreplan i vg2 blomsterdekoratør)
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderingen skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen blomsterdekorering og handverksferdigheiter når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen blomsterdekorering og handverksferdigheiter. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i modulen. Kompetansemåla i alle modulane skal forståst i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha ei midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i blomsterdekorering og handverksferdigheiter. Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.