Den nye læreplanen gjengir kompetansen som låg i dei to tidlegare vg2‑læreplanane, og innhaldet og opplæringa skal framleis kunne førebu elevane på eit arbeidsliv innan sal, service, sikkerheit, administrasjon og reiseliv. Læreplanen inneheld fleire felles element som krev kreativitet og nytenking, men også evne til kritisk tenking og refleksjon over korleis val påverkar berekraft, etikk og lønsemd.
Læreplanen skal byggje vidare på erfaringane og dei grunnleggande ferdigheitene elevane utvikla på Vg1. Difor er innhaldet på Vg2 meir spesialisert, og elevane skal bruke kunnskapen sin på ein meir avansert måte når dei løyser praktiske og arbeidsretta oppgåver.
Samanheng og praktisk fordjuping
For å ta vare på breidda i det nye programområdet, må programfaga sjåast i samanheng. Undervisninga og opplæringen skal vere relevant, praktisk og gi rom for tilpassing utfra elevenes forutsetninger, interesse og mulighet for fordypning.
Elevane skal ha ei klar forståing av kva kompetanse dei skal oppnå etter vg2. Difor er kompetansemåla utforma slik at dei viser både kva kunnskap og ferdigheiter elevane skal utvikle, og korleis dei skal bruke refleksjon og kritisk tenking innan dei ulike vg3‑fagområda som Vg2‑programområdet leier vidare til.
Relevans for et arbeidsliv i endring
Læreplanen skal ruste framtidas fagarbeidarar innan sal, service, reiseliv, administrasjon og sikkerheit til eit arbeidsliv som stadig endrar seg, både når det gjeld trendar, marknad og tryggleiksbehov.
I programområdet legges det særleg vekt på:
- god kommunikasjon og rettleiing av kundar, gjester og brukere
- økonomi og marknadsforståing
- innovasjon
- helse, miljø og sikkerheit
Innhaldet i programfaga skal inspirere elevane til å vere nysgjerrige, utforske nye løysingar og tilpasse desse til økonomi, regelverk og kundepreferansar. Dei tverrfaglege temaa berekraftig utvikling og folkehelse og livsmeistring frå Vg1 er vidareførte. I tillegg er demokrati og medborgarskap med, slik det også var i det tidlegare programområdet for Vg2 service, sikkerheit og administrasjon. Dermed er alle dei tre tverrfaglege temaa med i det nye felles programområdet Vg2 sal, service og reiseliv.
Læreplanen er fastsett på nynorsk, men er omsett til bokmål slik at begge målformene er tilgjengelege i læreplanvisinga.