Tilstandsrapport

Frå 1. august 2024 er det ikkje lenger eit krav om at skoleeigarar må utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i opplæringa.

Kommunen og fylkeskommunen skal arbeide for å halde ved lag og heve kvaliteten i grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa. Kommunestyret og fylkestinget skal minst éin gong i året få informasjon om læringsmiljøet, læringsresultata og gjennomføringa til elevane i opplæringa. Vår mal for tilstandsrapport er fortsatt tilgjengelig og kan brukast til dette formålet.

Kva er ein tilstandsrapport?

Ein tilstandsrapport kan innehalde både tal og forteljingar. Innhaldet er ei analyse av tilstanden i grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa, og viser korleis skoleeigar vurderer læringsmiljøet, læringsresultata og gjennomføringa til elevane.

Mal for tilstandsrapporten

Vi har ein mal som er frivillig å bruke. Føremålet med malen er at det skal vere lett å finne relevante tal og data. Det er meininga at de bruker valmoglegheitene i malen, og jobbar vidare med dokumentet som blir generert, slik at det blir eit godt verktøy lokalt.

Bruk av tall og data i skolens kvalitetsarbeid

Du kan lese meir om kva for informasjon du finn i malen

For grunnskole
  • Forside
  • Elever og lærere
  • Læringsmiljø
  • Nasjonale prøver 5. trinn
  • Nasjonale prøver ungdomstrinn
  • Karakterer og grunnskolepoeng
  • Skolebidrag
  • Fravær og gjennomføring
For videregåande
  • Forside
  • Elever
  • Lærere
  • Undervisningspersonale
  • Læringsmiljø
  • Karakter
  • Fag- og sveinebrev
  • Skolebidrag
  • Fravær og gjennomføring
  • Overganger
  • Gjennomføring av læretiden

Kjenneteikn ved gode tilstandsrapportar

Ein tilstandsrapport som gir godt grunnlag for skoleutvikling, har desse kjenneteikna.

Tilstandsrapporten

  • er forankra hos politikarane, utdanningsadministrasjonen og skoleleiinga i kommunen og fylkeskommunen
  • er resultatet av ein felles prosess
  • analyserer resultata frå skolane i lys av lokale føresetnader. I innleiinga til rapporten kan særtrekka ved kommunen, kommenterast for å setje resultata inn i ein kontekst
  • gir gode og utfyllande vurderingar av resultata ved skolane
  • legg fram data og informasjon på ein lettfatteleg og forståeleg måte
  • formulerer mål og tiltak som er funderte i lokale føresetnader, eller viser til andre planar i kommunen/fylkeskommunen der det er utforma mål og tiltak som er relevante for rapporten
  • argumenterer for kva som er relevante tiltak ut frå resultata som ligg føre, og ut frå forsking og faglitteratur på områda
  • konkretiserer og prioriterer tiltak, slik at det blir lettare å behandle rapporten politisk og følgje han opp etter at vedtak er gjorde i kommunestyret/fylkestinget