Læreplan i matematikk fellesfag 2T-Y og 2P-Y, Vg3 påbygging til generell studiekompetanse (MAT6-02)

Utgått


Kompetansemål etter 2T-Y

Tal og algebra

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • omforme uttrykk og løyse likningar, ulikskapar og likningssystem av første og andre grad og enkle likningar med eksponential- og logaritmefunksjonar, både ved rekning og med digitale verktøy

Geometri

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • gjere greie for det geometriske biletet av vektorar som piler i planet og berekne sum, differanse og skalarprodukt av vektorar og produktet av tal og vektor
  • rekne med vektorar i planet skrivne på koordinatform, berekne lengder, avstandar og vinklar med vektorrekning og avgjere når to vektorar er parallelle eller ortogonale
  • teikne og beskrive kurver på parameterform og berekne skjeringspunkt mellom slike kurver

Kombinatorikk og sannsyn

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • gjere greie for og bruke omgrepa vilkårslaust (bm.: uavhengig) og vilkårsbunde (bm.: betinget) sannsyn, bruke Bayes’ setning på to hendingar og vurdere og tolke resultata
  • rekne med binomisk og hypergeometrisk sannsyn og kjenne att og modellere slike fordelingar i ulike situasjonar
  • berekne sannsyn ved ordna utval med og utan tilbakelegging, og ved uordna utval utan tilbakelegging

Funksjonar

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • gjere greie for definisjonen av den deriverte, bruke definisjonen til å utleie ein derivasjonsregel for polynomfunksjonar og bruke denne regelen til å drøfte funksjonar

Kultur og modellering

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • analysere teoretiske og praktiske problemstillingar, finne mønster og struktur i ulike situasjonar og beskrive samanhengar ved hjelp av matematiske modellar
  • utforske matematiske modellar, samanlikne ulike modellar og vurdere kva for informasjon modellane kan gje, og kva for gyldigheitsområde og avgrensingar dei har
  • bruke digitale verktøy i utforsking, modellbygging og presentasjon
  • finne, vurdere og presentere døme frå matematikkens fleirkulturelle historie og drøfte kva matematikken har å seie for naturvitskap, teknologi, samfunnsliv og kultur

Side 6 Av 8

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!