Føremål

Dataelektronikarar arbeider med system og utstyr som er integrerte på ei rekkje område i samfunnet, frå underhaldning og multimedium til telemedisin og satellittbasert navigasjon. Elektroniske kontroll- og styringssystem har fått stadig større innverknad på tryggleik og drift i samfunnet vårt. Vidare er det svært viktig for store delar av næringslivet å ha data- og elektronikksystem som fungerer godt. Data- og elektronikksystem gjer det mogleg å samhandle med andre, å kommunisere på tvers av geografiske og sosiale grenser og å effektivisere arbeid og handel på ein global marknad. Slike høgteknologiske system krev dataelektronikarar som kombinerer stor fagleg breidd med målretta spesialisering. til installasjon, drift og vedlikehald.

Dataelektronikarar utviklar evna til å arbeide effektivt og nøyaktig. Utøvinga av faget fremmar evna til innovasjon, nytenking og løysingsorientering. Det aukar medvitet om lokale, nasjonale og globale miljøutfordringar knytte til betre ressursutnytting og ei berekraftig utvikling.

Opplæringa i dataelektronikarfaget skal leggje vekt på oppbygging, funksjon og verkemåte for ulike system, apparat og utstyr. Kunnskap om og haldningar til gjeldande regelverk skal vere sentrale element. Opplæringa skal leggje vekt på personvern, informasjonstryggleik og etikk. Vidare skal ein i opplæringa trekkje fram eltryggleik, arbeidsmiljø, kvalitetssikring, kundehandsaming, samarbeidsevne og bedriftsøkonomi. Haldningar og ferdigheiter til å kunne utføre eit fagleg godt og estetisk handverk skal òg vere sentrale faktorar.

Opparbeiding av kompetanse på systemoppbygging, systeminstallasjon, systemdrift og systemintegrasjon skal danne grunnlag for å setje seg inn i eksisterande og i framtidige system.

Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er dataelektronikar.

Side 1 Av 9

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!