Fylkeskommunane har bestemt at det er obligatorisk for alle vidaregåande skolar å gjennomføre testeksamen. Det kan variere om skolane gjennomfører med elevar eller berre med eigne tilsette.
Gjennomfør testeksamen
Gå til kandidat.udir.no og vel "jeg har eksamen i dag".
Dato for testeksamen våren 2026
| Dato | Grunnskole | Videregående | Forberedende opplæring for voksne (FOV) |
|---|---|---|---|
| 8. april | TST1001 EPS | TST1013 EPS | TST1043 EPS |
| 20. april | TST1004 EPS | TST1016 EPS | TST1046 EPS |
| 21. april | TST1007 EPS | TST1019 EPS | TST1049 EPS |
Testeksamen kan gjennomførast når som helst mellom kl. 09.00 og 18.00 på testdagen.
Testeksamen i PGS vert sett opp som todelt eksamen, med start for del 2 kl. 10.00
Kva er testeksamen?
Formålet er å teste teknisk oppsett og utstyr, ikkje fagleg innhald. Viss de ønskjer å teste fagleg innhald i eksamenar etter LK20 skal de bruke tidlegare eksamensoppgåver eller eksempeloppgåvene.
Testeksamen er eit godt høve for øving og utprøving for eksamensvakter og eksamensansvarlege på skolane. Dei kan både prøve seg som kandidatar (ved bruk av fiktive kandidatar), og prøve ut monitorverktøya dei skal bruke på eksamensdagen.
Testing i to system samtidig
Det kan oppstå problem om dykk testar i begge gjennomføringssystem same dag, på same maskin. Dette problemet vil ikkje skje under den ekte eksamensgjennomføringa, sidan kandidatane gjennomfører eksamen i eitt system om gongen.
Om de ønskjer å testa som kandidat i begge gjennomføringssystem på same maskin, bør dei testa anten:
- med inkognitovindauge/Inprivate-vindauget/liknande og lukka mellom kvar test, eller
- i to forskjellige nettlesarar, ein for kvar fagkode
Påmelding til testeksamen
Skolane kan melde på kandidatar til testeksamen i PAS – eksamen. Skolen kan velje å melde på dei faktiske elevane sine til testeksamen, men det er ikkje nødvendig.
De kan raskt melde på heile grupper av fiktive kandidatar til testeksamen. Du gjer det slik:
- I PAS, gå til påmeldingsoversikt
- Testeksamen vil vere åpen for påmelding, vel ein av testfagkodane
- Lag ei ny kandidatgruppe i testfagkoden
- Inne i kandidatgruppa, trykk på knappen "legg til fiktive kandidater"
- Vel kor mange kandidatar du vil lage, maks 30 per kandidatgruppe
- Kandidatane får tilfeldige namn, men du kan endre dei viss du vil med knappen "rediger"
- I forkant av testdagen kan du gå til "kandidatnummer og passord" for å finne kandidatnummer og passord
Det er ikkje mogleg å melde på same kandidat til to ulike eksamenar same dag.