Munnleg-praktisk eksamen i matematikk

Matematikk fellesfag (10. trinn, 1P, 2P og 1T) har endra eksamensform frå munnleg til munnleg-praktisk eksamen. Her klargjer vi kvifor, kva det betyr og korleis det kan gjerast.

Som del av fagfornyinga skulle vi sjå på eksamensordninga i faga. I matematikk fellesfag vart det sendt på høyring eit forslag om å endre frå munnleg til munnleg-praktisk eksamen. Behovet vart grunngjeve i at eksamensforma opnar for at eleven kan få vist breiare matematisk kompetanse ved munnleg-praktisk eksamen.

Elevane kan visa at dei meistrar utfordringar og løyser problem ved mellom anna å modellera og programmera. Eksamensforma er også i tråd med kjerneelementa i faget. I læreplanane er det lagt stor vekt på utvikling av matematisk tenking og matematisk kompetanse gjennom ein aktiv, utforskande og problemløysande elev.

Lokalt gitt munnleg-praktisk eksamen skal gi eleven moglegheit til å vise sin kompetanse i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma. Det er kompetansemåla i læreplanen som er grunnlaget for vurdering. Eksamenskarakteren skal vere eit uttrykk for den kompetansen eleven har vist på eksamen og være i samsvar med kompetansemåla.

Munnleg-praktisk eksamen har andre rammer for gjennomføring enn munnleg eksamen. Eksamen kan vare inntil 45 minutt. I matematikk skal det vere førebuingsdel på mellom 24 og 48 timar. Det er ikkje eit krav om presentasjon. Oppgåvene skal vere knytt til kompetansemåla i læreplanen.

Korleis det kan gjerast?

På 10. trinn skal oppgåvene i hovudsak utviklast med utgangspunkt i kompetansemåla etter 10. trinn. Lærarane har rom til å trekke inn kompetanse eleven viser knytt til enkelte kompetansemål frå tidlegare trinn, dersom dei vurderer det som relevant for at eleven skal få vist sin kompetanse i så stor del av faget som mogleg. Det ikkje mogleg å ta med/overføre kompetansemål frå 10. trinn til videregåande.

Det skal leggast til grunn ei brei forståing av omgrepet praktisk. Praktisk kan til dømes omfatte anvendingar av matematikk. Døme på slike anvendingar og praktisk oppgåveløysing i matematikkfaget, kan vere å: 

  • å utvikle matematiske modellar knytt til reelle datasett og vurdere gyldigheita til desse modellane
  • evaluera tekstar og gjera vurderingar ved å resonnera og argumentera matematisk
  • gjere endringar i eit program eller programkode for å gjera matematiske berekningar og vurderingar