Samarbeid med foreldre i åpne barnehager
Foreldrene som følger barna sine i en åpen barnehage skal ta aktivt del i det daglige arbeidet.
I rammeplanen blir det slått fast at foreldresamarbeid både skal skje på individnivå, med foreldra til kvart enkelt barn, og på gruppenivå, gjennom til dømes foreldreråd og samarbeidsutval.
Turfellesskap og foreldresamarbeid
Barnehagen skal bidra til at ungane får kjennskap til naturen og høve til å utforske naturen og mangfaldet i han. Personalet skal leggje til rette for mangfaldige naturopplevingar og bruke naturen som arena for leik, undring, utforsking og læring.
Tur og uteaktivitet i opne barnehagar
I open barnehage, der foreldra er saman med ungane gjennom heile dagen, gir desse krava både særeigne moglegheiter og ekstra utfordringar. Utgangspunktet her er at foreldra og personalet i open barnehage har ansvaret saman for at barnet trivst og lærer. Det betyr at personalet og foreldra ikkje berre skal samarbeide om planlegging av aktivitetar som gir barna naturopplevingar. Foreldra må også delta i gjennomføringa av aktivitetane. Dette er éin av fleire grunnar til at mange opne barnehagar som ønskjer å tilby tur og uteaktivitetar, i praksis ikkje får dette til.
I open barnehage er det frivillig å delta, og ein treng ikkje melde frå om ein kjem eller ikkje. Aktivitetane som er annonserte, eller som er på visse vekedagar, har mykje å seie for om foreldra prioriterer å kome eller ikkje. På dagar då det er tur- og uteaktivitetar, må personalet lykkast med å engasjere foreldra på førehand for å få dei til å kome i barnehagen og bli ein del av turfellesskapen.
Refleksjonsspørsmål
- Kva for mål har vi for turaktivitetane og korleis kan vi nå dei?
- Korleis kan få foreldra til å delta på turaktivitetane?
- Korleis kan vi leggje til rette for at foreldre og barn opplever å bli ein del av fellesskapen når vi er ute på tur?
Kva har lokalet å seie for foreldreinvolvering og samspelet mellom ungane?
Open barnehage er ein møtestad for foreldre og barn der det er høve til å danne nye venskap og nytt nettverk. Det er ein stad der foreldre kan snakke saman med andre foreldre, og der barn kan treffe andre barn i barnehagealder.
Open barnehage er likevel meir enn berre ein møtestad – det er ei pedagogisk verksemd som rettleier og støttar foreldra i rolla deira, som gir barn og foreldre nye opplevingar gjennom leik og læring, og som fremjar kommunikasjon, språk og fellesskap.
Eit viktig trekk ved den opne barnehagen er derfor også foreldreinvolveringa i leiken til ungane og at barnehagen legg til rette for at samspelet mellom barn, personale og foreldre kan bli harmonisk. Lokala i open barnehage kan verke inn på korleis leik og korleis vaksne og barn fungerer saman.
Refleksjonsspørsmål
- Er det fysiske miljøet lagt til rette for barna i vår barnehage?
- Påverkar det fysiske miljøet foreldreinvolveringa i leiken til ungane?
- Påverkar det fysiske miljøet kontakten mellom dei vaksne og ungane?
- Bidreg det fysiske rommet til eit inkluderande miljø?
Fagartikkel
Fagartikkelen er skrevet av Inger Benny Espedal Tungland og Margrethe Jernes.