Fagval i vidaregåande opplæring 2022–23
Det er i overkant av 185 000 elevar i vidaregåande skolar per 1. oktober 2022. Desse elevane fordeler seg på 419 skolar. Talet på elevar og skolar endrar seg lite frå året før. Nedanfor beskriv vi nokre av dei viktigaste funna frå skuleåret 2022–23.
Her finn du ei oversikt over elevane sine val av utdanningsprogram, programområde og fag i vidaregåande opplæring skuleåret 2022–23.
Nokon hovudfunn
- Nær halvparten av elevane på vg1 starta på eit yrkesfagleg utdanningsprogram, men færre ender med yrkesfagleg kompetanse.
- Elevtalet på realfag har hatt ein nedgang på 800 elevar, som tilsvara ein liten nedgang på 0,6 prosent. Samanlikna med i fjor er det ein nedgang i elevtalet i dei fleste programfag innan realfag.
- Det er framleis ein større del som tek samisk som andrespråk enn som tek samisk som førstespråk.
- Det er framleis store kjønnsskilnader i val av utdanningsprogram. Bygg- og anleggsteknikk, elektrofag og datateknologi har over 90 prosent gutar, mens frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign har over 90 prosent jenter.
Ikkje alle som startar på yrkesfag ender med yrkesfagleg kompetanse
Halvparten av elevane som starta på vg1 på ein vidaregåande skule hausten 2022, starta på eit yrkesfagleg utdanningsprogram (50 %). Av figuren nedanfor ser vi at delen på yrkesfag gjekk svakt nedover frå 2011–12 til 2014–15, for så å gradvis auke fram til i dag.
Sjølv om nær halvparten av elevane starta på eit yrkesfagleg utdanningsprogram er det færre som fullfører eit yrkesfagleg utdanningsløp. Dette har både samanheng med at færre elevar på yrkesfag ender med yrkesfagleg kompetanse og at fleire elevar på yrkesfag gjer omval. Skuleåret 2022–23 gjekk 10 600 elevar på påbygging til generell studiekompetanse. Dette er 200 færre elevar enn i fjor. For 2015-kullet fullførte 89 prosent av elevane på studieførebuande og 70 prosent på yrkesfag to år etter normert tid (Utdanningsspeilet 2022).
Studiespesialisering er det største av alle utdanningsprogramma med 37 prosent av elevane på vg1. Det svarar til nærmare 3 av 4 elevar på studieførebuande utdanningsprogram. Helse- og oppvekstfag er det største yrkesfaglege utdanningsprogrammet, med nesten 13 prosent av alle elevar. Blant dei som starta på eit yrkesfagleg utdanningsprogram, starta 25 prosent på helse- og oppvekstfag.
Elevtalet på ulike program held seg stabilt
Delen av elevar på dei ulike yrkesfaglege utdanningsprogramma held seg stabilt. Frå 2014–15 til 2019–20 auka talet på elevar som går på helse- og oppvekstfag. Frå 2019–20 til 2022–23 senka talet på elevar på helse- og oppvekstfag med nesten 1 500. Teknologi og industrifag er på veg opp igjen etter nedgangen for et par år sidan. Det ser ikkje ut til at koronasituasjonen har påverka kva for utdanningsprogram elevane starta på.
Språk, samfunnsfag og økonomi er mest populært på studieførebuande
På vg2 vel elevane kva for programområde dei vil ta innanfor utdanningsprogrammet dei går på. Innan studiespesialiserande utdanningsprogram vel 60 prosent av elevane programområdet språk, samfunnsfag og økonomi. 37 prosent vel programområdet realfag. (Dei resterande 3 prosentane val ikkje fag i vg2 fordi dei går på STUSP2 – Studiespesialisering, som er ein linje på enkelte privatskular.)
Helsearbeidarfag er det største programområdet på yrkesfag
Omlag 3 800 elevar går på helsearbeidarfag på vg2, det største programområdet innanfor yrkesfaga. Barne- og ungdomsarbeidarfag, elenergi og ekom, tømrer, industriteknologi og sal og reiseliv er også populære programområde blant yrkesfaga.
Nedgang av elevar som vel realfag
Elevtalet på realfag har hatt ein nedgang på 800 elevar, som tilsvara ein nedgang på 0,6 prosent frå skuleåret 2021–22. Samanlikna med førre skuleår er det ein nedgang i elevtalet på dei fleste opplæringsfaga på realfag. Elevtalet går mest ned i matematikkfaga med 950 færre elevar enn skuleåret før. Programfaget programmering og modellering X, som starta i førre skuleår, hadde ein nedgang på meir enn 100 elever i 2022–23, frå 288 elevar. Det er nedgang i mange fylker.
Framleis ein større del som tek samisk som andrespråk enn som tek samisk som førstespråk
Dei siste åra har ein større del av elevane tatt samisk som andrespråk enn samisk som førstespråk. 57 prosent av elevane tek samisk som andrespråk, mens 43 prosent tek samisk som førstespråk. Forskjellen har blitt større sidan 2017–18, men har dei siste åra blitt mindre. Talet på dei som tek samisk som førstespråk held seg meir stabil enn dei som tek samisk som andrespråk.
Kjønnstypiske utdanningsval i vidaregåande opplæring
Det er store skilnader i val av programområde for jenter og gutar, særs i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Kjønnsskilnadane er særs store på programområdane bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, teknikk og industriell produksjon og frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign. Bygg- og anleggsteknikk, elektrofag og datateknologi har høvesvis 90 og 93 prosent gutar. Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign har 92 prosent jenter. Naturbruk og restaurant- og matfag er dei utdanningsprogramma som har minst forskjellar på kjønn.