Nazisme, rasisme og Holocaust – kartlegging 2010

På oppdrag frå Utdanningsdirektoratet har Institutt for lærarutdanning og skoleforsking (ILS) ved Universitetet i Oslo kartlagt norske elevar sine haldningar til og kunnskap om rasisme, nazisme og Holocaust/folkemord. 

Forskarane frå ILS konkluderer med at elevane viser gode kunnskapar om grunnleggjande trekk ved nazisme, rasisme og Holocaust. Rapporten viser at åtte av ti elevar på 9. steget har kjennskap til folkemordet på jødane. Dei aller fleste elevane har også kjennskap til dei viktigaste kjenneteikna ved nazismen og til symbola i  nazismen. Elevar som skårar høgt på demokratiske ferdigheiter og kunnskapar i ICCS-studien, har også høgt kunnskapsnivå om nazisme og Holocaust. Det er ikkje store skilnader mellom kunnskapane til gutar og jenter om nazisme, rasisme og Holocaust. Likevel svarar gutane oftare enn jentene at dei veit at noko er sant eller usant om nazismen.

Omkring 80 prosent av elevane kjenner meiningsinnhaldet i omgrepet rasisme. Omtrent like mange seier at dei veit mykje eller at dei veit noko om rasisme. Sju av ti av elevane meiner det er rasistisk å kalle ein mørkhuda person for neger, medan seks av ti meiner det ikkje er rasistisk å nekte muslimar å byggje moskear i norske byar. Rapporten byggjer på data samla inn i samband med gjennomføringa av den norske delen av demokratiundersøkinga ICCS i april 2009 (International Civic and Citizenship study).  Ein norsk kortrapport frå ICCS-studien blei publisert i juni 2010. Data er henta frå ca. 3000 elevar på 9. steget ved 130 ungdomsskolar i Noreg. Hovudrapporten frå ICCS-studien blir publisert i månadsskifte oktober/november.

Hva er ICCS?