Delrapport 1

Gi rom for lesing – evaluering av tiltaksplanen

Evalueringa av tiltaksplanen "Gi rom for lesing" er utarbeidd på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet av SINTEF Teknologi og samfunn IFIM, i samarbeid med NTNU Voksne i læring. Les meir om evalueringa i den fyrste delrapporten frå juni 2005.

Rapporten presenterer ikkje resultat, men gir eit bilete av historia og profilen til planen, og drøftar sentrale problemstillingar. Tiltaka i planen blir grupperte i forhold til tre sider ved lesekompetanse: lesing som ferdigheit, som reiskap og som kulturell aktivitet. Vidare blir det peikt på ei rekkje behov for aktørane i planen. Desse er: 

  • få til ein balansert plan med god avveging mellom ulike skoleslag, ulike typar tekstar og mellom dei ulike dimensjonane ved lesing
  • solid forankring hos dei involverte; særleg lærarar, skoleleiing og skoleeigarar
  • skape ein heilskapleg plan ut frå det store talet på aktørar, prosjekt og tiltak som planen omfattar
  • gjennomføre tiltaksplanen på ein måte som når ulike elevar med ulike behov
  • trekkje inn aktørar utanfor skolen og skape alternative arenaer for arbeidet

Rapportserie