Delrapport 1

Arbeidslivsfaget og fordjupingsfag

NOVA har levert ein todelt rapport. I den fyrste delen undersøkjer dei korleis det nye arbeidslivsfaget blir innført på skolane. I den andre delen kartlegg forskarane korleis fordjupingsfaga i norsk, samisk og engelsk fungerer. 

Rapporten baserer seg på intervju med skoleleiarar, på karakterar og prøveresultat og på Grunnskolens informasjonssystem(GSI).  

Om arbeidslivsfaget

I skoleåret 2009/10 innførte nokre utvalde kommunar ei prøveordning med eit nytt fag på ungdomssteget. Forsøket med arbeidslivsfaget gjorde det mogleg for elevane på 8. steget på 16 skolar å velje eit praktisk orientert fag, som eit alternativ til framandspråk og språkleg fordjuping.

Bakgrunnen for faget var eit ønske om å tilby dei elevane som av ulike årsaker ikkje ønskjer å følgje undervisninga i eit nytt språk, eit praktisk orientert alternativ (St. meld. nr. 44 2008–2009).

NOVA undersøkjer korleis arbeidslivsfaget fungerer på dei skolane som deltek i ordninga, og undersøkinga går føre seg i perioden frå 2010 til 2013.

Den fyrste delrapporten tek for seg oppstartsfasen og implementeringa av faget slik det såg ut på skolane hausten 2010.

Skoleleiarane er entusiastiske

Undersøkinga viser at skoleleiarane er entusiastiske for forsøket med arbeidslivsfaget, og det var eit fag som var ønskt både av lærarar, elevar og foreldre.  

Det nye faget har ei overvekt av elevar med etter måten låge skoleprestasjonar og låg skolemotivasjon.

Flest gutar vel arbeidslivsfag

På dei 118 forsøksskolane som blei med i ordninga frå skoleåret 2010/11, deltek 19 prosent av elevane som i det nye faget. Det er i gjennomsnitt 14 elevar på kvar skole som deltek på arbeidslivsfaget, men det er store variasjonar når det gjeld kor mange elevar som har valt forsøksfaget på dei ulike skolane. To tredelar av arbeidslivsfagselevane er gutar, og ein tredel er jenter.

Arbeidslivsfaget gir lågare søking til fordjupingsfaga

Deltakinga på fordjupingsfaga er halvert etter at skolane innførte arbeidslivsfaget, og det er mange skolar som ikkje tilbyr fordjupingsfag lenger. Innføringa av arbeidslivsfaget har ført til at det er sju prosent færre som deltek i framandspråkfaga på 8. steget. Likevel er det ikkje færre skolar som tilbyr undervisning i framandspråk.  

Tre modellar for organisering av faget

NOVA finn tre ulike modellar for korleis skolane organiserer faget.

  1. Aktivitetsmodellen knyter opplæringa til ein aktivitet med innslag frå ulike yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande opplæring. Ut frå intervjua med dei skoleleiarane som er med i ordninga, er aktivitetsmodellen den vanlegaste måten å gjennomføre arbeidslivsfaget på. 
  2. Rulleringsmodellen gjennomfører opplæringa ved at elevane vekslar mellom ulike fag/utdanningsprogram. Rulleringsmodellen er også ein vanleg gjennomføringsmåte.
  3. Spesialiseringsmodellen gjennomfører opplæringa tett opp til dei yrkesfaglege utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring, og elevane vekslar i liten grad mellom dei ulike utdanningsprogramma. På dei skolane NOVA har vore i kontakt med, er spesialiseringsmodellen ein sjeldan måte å gjennomføre opplæringa på.  

Om kartlegginga av fordjupingsfaga

Den andre delen av rapporten er ein avsluttande rapportering frå eit kartleggingsprosjekt om fordjupingsfaga norsk, engelsk og samisk.

I den andre delen var rapporten undersøkjer NOVA om det er systematiske skilnader mellom dei elevane som vel fordjupingsfaga, samanlikna med dei elevane som vel framandspråk. Ein ser då på regionale variasjonar, kjønn, sosiale bakgrunnskjenneteikn, kva slags faglege prestasjonar elevane oppnår, og kor stort fråvær elevane har på skolen.

Ei anna problemstilling er korleis skoleleiarane på ungdomssteget vurderer fordjupingsfaga. Sentrale spørsmål er korleis fordjupingsfaga fungerer i praksis, kva slags særskilde utfordringar faga står overfor, og kva slags status faga har blant lærarar, elevar og føresette.

Kvar tredje elev på fordjupingsfag

Det er nærmare ein av fire elevar som dei siste åra valde eit av fordjupingsfaga ved starten av 8. steget.  Det var mange som bytte undervegs frå framandspråk til fordjuping, og det er ein av tre elevar som deltek i faget på slutten av ungdomssteget. Dei fleste vel engelsk fordjuping og nokre færre vel norsk fordjuping. Det er nesten ingen elevar som vel fordjuping i samisk.

Få skolesterke vel fordjuping

Felles for fordjupingsfaga er at dei sjeldnare rekrutterer dei fagleg sterke elevane enn det framandspråk gjer. I intervjua med skoleleiarane kjem det fram at mange av elevane som vel fordjupingsfag, har etter måten låg motivasjon for skolen. Dette gjeld særleg dei elevane som vel norsk fordjuping.

Fordjupingsfaga har lågare status

Det blir kravd meir av elevane for å få gode karakterar i framandspråka enn i fordjupingsfaga. Den ulike vurderingspraksisen kan medverke til å forklare at mange elevar vel bort framandspråk til fordel for fordjupingsalternativet i løpet av ungdomssteget. Samstundes er vurderingspraksisen ein indikasjon på at fordjupingsfaga ikkje har den same statusen som framandspråka i skolen.  

Språkfag for dei som ikkje vil lære språk

NOVA konkluderer med at fordjupingsfaga er språkfag for dei som ikkje vil lære språk. Likevel rekrutterer fordjupingsfaga nokre motiverte og skoleflinke elevar. Desse elevane vel gjerne fordjuping i engelsk. Det er også ein del motiverte og skoleflinke elevar med innvandrarbakgrunn som vel norsk fordjuping.

Forenkling framfor fordjuping

NOVA meiner at fordjupingsfaga har blitt forenklingsfag framfor fordjupingsfag. Læreplanen legg opp til at ein skal leggje til rette undervisninga slik at elevane kan fordjupe seg i norsk og engelsk. Dette omtala skoleleiarane som svært utfordrande. Det at mange opplever elevane på fordjupingsfaga som skolesvake, inneber at skolane tilpassar opplæringa og læreplanane til dei elevane som søkjer seg til fordjupingsfaget.

Konsekvensen er at faga blir gjort enklare enn det som er intensjonen i dei sentrale læreplanane. Frå skoleleiaren sin ståstad blir måla i læreplanen omtala som for ambisiøse for mange elevar. I praksis blir dermed fordjupingsfaga ikkje eit fag som er jamstelt med framandspråk, men eit fag som har lågare status.

Vanskeleg å undervise i samisk fordjuping

Dei tre skoleleiarane som også tilbyr samisk fordjuping, fortalde at samisk fordjuping i utgangspunktet er eit vanskelegare fag å undervise i enn dei andre fordjupingsfaga. Ei viktig årsak til dette er mangel på læremiddel og større problem med å finne materiell som passar. Ein av desse skoleleiarane fortalde at dei likevel hadde fått til faget på sin eigen skole, medan dei to andre vurderte samisk fordjuping som meir problematisk enn norsk og engelsk fordjuping.

Kompetente lærarar, men låg motivasjon

Skoleleiarane fortel at dei lærarane som underviser på fordjupingsfaga, er språkkompetente, og at dei  er lærarar som også underviser i den ordinære undervisninga i engelsk, norsk eller samisk.

Samstundes er inntrykket at mange av lærarane ofte arbeider med fordjupingsfaga med lågare motivasjon og interesse enn elles i skolen. Fleire av skoleleiarane fortel at ein innsats for å heve fordjupingsfaga sin status blant lærarane, som tilgang på bøker og å satse på lokalt arbeid med læreplanane, har hjelpt i rekrutteringa av lærarar.

Inntrykket er at sjølv om mange skoleleiarar har opplevd at det er vanskeleg å rekruttere motiverte lærarar, har lærarane blitt meir positivt innstilte til fordjupingsfaga etter kvart som lærebøkene og læreplanane har kome på plass.

Rapportserie: Arbeidslivsfag