Økonomiforskrift til privatskolelova
§ 4-3 Tilskot til skolar som driv særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma
Skolane får tilskot etter ein av følgjande satsar:
- Sats for nokså ressurskrevjande elevar: Satsen blir brukt som grunnlag for tilskot til skolar som har elevar med generelle eller samansette lærevanskar. Lærevanskane skal vere langvarige eller permanente.
- Sats for særleg ressurskrevjande elevar: Satsen blir brukt som grunnlag for tilskot til skolar som har elevar med omfattande generelle eller samansette lærevanskar. Lærevanskane skal vere langvarige eller permanente. Elevane som fell inn under denne satsen, har eit stort behov for oppfølging for å kunne meistre ulike delar av opplæringssituasjonen.
Kva for ein sats skolen skal ha tilskot etter, kjem fram i vedtaket om godkjenning etter privatskolelova.
Endra ved forskrift 15 juni 2022 nr. 1024.