Rettleiar om tilrettelegging for elevar med stort læringspotensial
Nokre elevar har stort læringspotensial. Skolen må leggje til rette for at desse elevane skal kunne utnytte sitt potensial. Det kan skolen gjere på fleire måtar.
Endringar i rettleiaren
16.02.2025: Denne rettleiaren erstattar vår tidlegare Veileder for tilrettelegging for barn og elever med stort læringspotensial.
Innleiing
Elevar med stort læringspotensial er i utgangspunktet godt rusta til å prestere bra på skolen, men det er viktig at dei blir identifiserte og anerkjende, og at dei får utfordringar på sitt nivå.1
Denne rettleiaren gir ei oversikt over kva for moglegheiter skolen har for å leggje til rette for elevar med stort læringspotensial.
Kva vil det seie å ha stort læringspotensial?
Alle elevar har eit læringspotensial, men nokon lærer raskare og kan tileigne seg meir kompleks kunnskap samanlikna med jamaldrande. Elevar med stort læringspotensial er ikkje nødvendigvis høgt presterande, men dei har eit stort potensial for læring på eitt eller fleire faglege område.1
Kva det inneber å ha stort læringspotensial, varierer. Nokre elevar har stort læringspotensial i eitt fag, eller på eitt område i eit fag, mens andre har læringspotensial utanom det vanlege innanfor fleire fag og område. Enkelte elevar kan vere ekstra sensitive, noko som inneber at dei er meir mottakelege for nyansar og detaljar som andre ikkje nødvendigvis legg merke til.2
Elevar med stort læringspotensial kan ha vanskar emosjonelt eller sosialt. Dei kan ha lærevanskar, ADHD, ADD, autisme eller ha ei fysisk hindring – til dømes relatert til syn eller høyrsel. I forsking og litteratur blir dette omtala som dobbelteksepsjonelle elevar.
Nokre elevar har ekstraordinært læringspotensial. Desse elevane kan lære særs raskt og i mange samanhengar liggje svært langt føre sine jamaldrande. Dei kan tenkje komplekst, er svært nysgjerrige og gode på problemløysing, og er og generelt sett meir uthaldande.3
Omgrepet elevar med stort læringspotensial omfattar både dei elevane som presterer på høgt og avansert nivå, og dei elevane som har eit potensial for å gjere det. Skolen kan ved hjelp av testar få informasjon om elevar som presterer høgt. Elevar med stort eller ekstraordinært læringspotensial viser ofte styrkane sine på andre område enn det som blir synleg i karakterar og testar.4
Tilpassing og tilrettelegging for elevar med stort læringspotensial
Elevar har rett til individuelt tilrettelagd opplæring dersom dei treng det for å få tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Dette står i opplæringslova § 11-6. Retten til slik tilrettelegging gjeld likevel ikkje i fag der elevar har stort læringspotensial.
Skolen må difor leggje til rette for elevar med stort læringspotensial på andre måtar. Opplæringslova gir fleire plikter og moglegheiter for å leggje til rette for desse elevane.
Tidleg skolestart
Barn begynner på skolen det kalenderåret dei fyller 6 år. Dette står i opplæringslova § 2-1. Dersom foreldra samtykkjer, og ei sakkunnig vurdering viser at det er forsvarleg, kan kommunen la eit barn begynne på skolen det året barnet fyller fem år. Dette står i opplæringslova § 2-4.
Barn har ikkje ein individuell rett til å begynne på skolen tidlegare, men kommunen kan tilby det. Når kommunen avgjer om eit barn skal få tilbod om tidleg skolestart, må dei gjere eit vedtak.
Tilpassa opplæring
Skolen skal tilpasse opplæringa, slik at alle elevar får eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Målet er at alle elevar skal få utnytta og utvikla evnene sine, uavhengig av føresetnader. Dette står i opplæringslova § 11-1.
Tilpassa opplæring er eit overordna prinsipp som gjeld for all opplæring. Skolen har ei plikt til å tilpasse opplæringa, men det er ikkje ein individuell rett for den enkelte eleven. Kommunen og fylkeskommunen skal difor ikkje fatte vedtak om tilpassa opplæring.
Ein måte skolen kan tilpasse opplæringa for desse elevane, er gjennom pedagogisk eller organisatorisk differensiering.
Pedagogisk differensiering
Pedagogisk differensiering handlar om å tilpasse innhaldet, arbeidsprosessen eller produktet til potensialet, motivasjonen og kunnskapsnivået til elevane.1 Det kan også handle om å leggje til rette for ulike måtar å lære på.
Døme på pedagogisk differensiering kan vere:
- Innhald: kartleggje eleven sin ståstad, komprimere læringsstoffet, justere kompleksiteten, utdjupe og utvide lærestoff, gi tid til å reflektere og konstruere meining.
- Prosess: undervegsvurdering, rettleiing, læringsstrategiar, ulike metodar i introduksjon av informasjon, opne oppgåver for å oppmuntre til problemløysingsmetodar, fleksibilitet i organisering av grupper, kompleksitet på oppgåver, sjølvregulert læring og medverknad.
- Produkt: bruke ulike media og metodar i framstilling av produkt, vise kompleks og djuptgåande meistring av eit emne, vurdere eigen innsats som del av metakognitiv prosess og pedagogisk bruk av IKT.
- Læringsmiljø: skape eit trygt, risikofritt læringsmiljø, skape dialog og diskusjon mellom elevar, samt balanse i dialogen mellom lærar og elev, lytte med respekt, vere open for nye idear og hjelpemiddel, modellere aksept av dei unike og ulike evnene og føresetnadene til kvar enkelt elev.
Organisatorisk differensiering
Organisatorisk differensiering handlar blant anna om korleis elevane blir grupperte.
Opplæringslova har reglar om organisering av elevane i § 14-2. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at kvar elev tilhøyrer ein klasse og har så mykje opplæringstid i klassen at eleven kan utvikle sosialt samhald. For delar av opplæringa kan elevane likevel delast inn i andre grupper etter behov.
Elevane kan delast inn i grupper etter fagleg nivå i særskilde og avgrensa delar av opplæringa, dersom det er nødvendig for at ein eller fleire elevar skal få eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Vurderinga av kva som er eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa, må sjåast i samanheng med måla for opplæringa og kva som er eit realistisk utbytte for kvar enkelt elev. I tilfelle der alle elevane kan få eit tilfredsstillande utbytte av å få opplæringa i grupper sette saman på tvers av fagleg nivå, vil det ikkje vere lov å dele inn etter fagleg nivå. Skolen kan ikkje dele elevane inn i grupper etter fagleg nivå for å auke utbyttet for enkelte elevar dersom det går ut over moglegheitene dei andre elevane har til å få tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Dette betyr at det skal vere høg terskel for å dele inn etter fagleg nivå.2
Skolen må jamleg vurdere om skolen deler inn elevane i grupper etter fagleg nivå på ein tenleg måte og vurdere kva som er verknaden av nivådelinga. Skolen skal ikkje halde fram med å bruke tiltak som inneber nivådeling dersom tiltaket ikkje har positive effektar, eller dersom det går utover enkeltelevar.
Det sosiale samspelet og den sosiale samansetjinga av elevar i ei gruppe er den avgjerande faktoren for at elevar med stort læringspotensial skal kunne prestere godt. Dette kan vere viktigare enn samansetjinga av grupper etter nivå.3
Ei form for organisatorisk differensiering er forsering av fag.
Forsering: tilbod for elevar på ungdomsskolen til å ta fag frå vidaregåande opplæring
Elevar som går på ungdomstrinnet, kan få moglegheit til å ta fag frå vidaregåande opplæring (forsering). Dette står i opplæringsforskrifta § 1-12. Tilbodet om å ta fag frå vidaregåande opplæring er ikkje ein rett for eleven, men kommunen kan velje å tilby det. Kommunen må gjere vedtak for at eleven skal kunne forsere, og eleven eller foreldra til eleven må samtykkje.
Omdisponering
Kommunen og fylkeskommunen kan omdisponere inntil 25 prosent av timane som er fastsette i det enkelte fag for enkeltelevar. Les om omdisponering i det årlege rundskrivet frå Utdanningsdirektoratet Fag- og timefordeling og tilbodsstruktur for Kunnskapsløftet Udir -1.
Fritak frå opplæringsplikta
Utgangspunktet er at retten og plikta til opplæring varer til eleven har fullført det tiande skoleåret. Dette står i opplæringslova § 2-1 og § 2-2. Opplæringslova § 2-2 opnar likevel opp for at kommunen kan frita ein elev heilt eller delvis frå opplæringsplikta. Elevar har ikkje rett til fritak frå opplæringsplikta, men kommunen kan velje å innvilge ein søknad om det. Når kommunen tar stilling til ein søknad om fritak frå opplæringsplikta, må kommunen gjere eit vedtak. Det er omsynet til eleven sjølv som kan grunngi ei avgjerd om fritak. Fritak frå opplæringsplikta kan til dømes vere fritak frå eitt eller fleire av skoleåra. Ved å hoppe over trinn kan eleven gjennomføre grunnskolen på kortare tid enn ti år.4
Før kommunen gjer eit vedtak om fritak frå opplæringsplikta, må dei hente inn sakkunnig vurdering som tilrår det, og foreldra må samtykkje.
Dersom eleven får innvilga fritak frå opplæringsplikta, skal eleven ikkje ha standpunktkarakter i faget/faga eleven er fritatt frå. Elevar som «hoppar over»/blir fritatt frå eit årstrinn, har likevel rett til å fullføre grunnskolen på eit seinare tidspunkt. Forskrifta § 9-16 har føresegner om når ein standpunktkarakter må vere fastsett i forhold til sentralt gitt og lokalt gitt eksamen i grunnskolen. Når eleven ikkje har standpunktkarakter i eksamensfaget, skal eleven heller ikkje trekkjast til eksamen i faget.
Elevar som er skrivne ut av grunnskolen etter opplæringslova § 2-2, kan takast inn til vidaregåande opplæring, jf. opplæringsforskrifta § 4-1.
Avslutte eit enkeltfag før normert tid i vidaregåande opplæring
Elevar i vidaregåande opplæring kan ikkje fullføra enkeltfag før normert tid, men kan ta fag som privatist. Privatist er ein som har meldt seg til eksamen i eitt eller fleire fag frå vidaregåande opplæring utan å vere elev eller lærling i dette eller desse faga. Det står i opplæringsforskrifta § 9-27 at privatistar berre kan melde seg til same eksamen ein stad. Det er ikkje mogleg å vere elev og privatist i same fag samstundes.
Moglegheita for elevar på vidaregåande til å ta fag på universitets- og høgskolenivå
Elevar i vidaregåande skole kan ta fag på universitets- og høgskolenivå. Ein elev kan likevel ikkje gå opp til eksamen i fag ved høgskolar eller universitetet før eleven har oppnådd studiekompetanse. Dette følgjer av universitets- og høgskolelova § 11-4.
Det beste for eleven og retten til å bli høyrd
Det beste for eleven skal vere eit grunnleggjande omsyn i alle saker som vedkjem dei. Elevar har og rett til å bli høyrde i saker som vedkjem dei. I alle saker som gjeld tilrettelegging for elevar med stort læringspotensial, må kommunen og fylkeskommunen sikre at desse rettane blir oppfylte.
Les meir om elevane sin rett til å bli høyrde og det beste for elevane.
Kjelder
NOU 2016: 14: Mer å hente — Bedre læring for elever med stort læringspotensial
Prop. 57 L (2022–2023): Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)