Utdanningsval (UTV01‑03)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- beskrive eigne styrker, eigenskapar og interesser og kunne sjå dette i samanheng med utdannings- og yrkesønske og livsmeistring
- samle, analysere og bruke informasjon om utdanning og arbeid
- utforske utdanningsmoglegheiter på varierte måtar, og gjere greie for ulike utdanningsvegar og kva yrkesområde dei kan føre til
Forklaring til kompetansemål
Med utdanningsvegar meiner ein vidaregåande opplæring, opplæring i bedrift, fagskule, høgare utdanning m.m.
- tileigne seg kunnskap om arbeidslivet gjennom utprøving og utforsking og reflektere over korleis berekraftsmål, konjunkturar og teknologi påverkar arbeidsmarknad, yrke og arbeidsmåtar
- diskutere konsekvensar av utanforskap og forstå økonomisk og sosial verdi av arbeid på individ- og samfunnsnivå
- gjere greie for kva og kven som kan påverke karriereval og kva dette har å seie for eigne val
Forklaring til kompetansemål
I dette ligg å arbeide med å gjere elevane medvitne om kven og kva som påverkar karriereval, som kulturelle vilkår, kjønn, foreldre, venar m.m.
- utforske og drøfte kjønnsrelaterte perspektiv i eit karriereval
Forklaring til kompetansemål
Dette gjeld både moglegheiter og hindringar som kan liggje i kjønnsrelaterte karriereval. Det handlar t.d. om korleis tradisjonelle førestillingar om kjønn og yrke kan avgrense valmoglegheiter, om utfordringar i ein kjønnsdelt arbeidsmarknad, om kva det har å seie å ta kjønnsutradisjonelle karriereval, osv.
- sjå moglegheiter og omsette eigne idear til handling og val, og reflektere saman med andre over konsekvensar av karriereval
- utvikle og bruke meistringsstrategiar for å handtere overgangar og utfordringar relaterte til utdanning og karriere
Forklaring til kompetansemål
Å utvikle meistringsstrategiar handlar om å ha pågangsmot, vere aktiv og søkje løysingar ved motgang og hindringar, finne ut kva som hjelper og kven som kan støtte. Karriereutfordringar kan t.d. oppstå når det av ulike grunnar blir vanskeleg eller umogleg å realisere karriereønska sine. Overgangar inneber både endringsprosess og tid og kan vere frå ei rolle til ei anna, og endringar i orientering mot rolla ein har.
- tolke stillingsannonsar, skrive CV og jobbsøknad og tileigne seg kunnskap om korleis ein gjer eit godt jobbintervju
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i utdanningsval når dei reflekterer over eiga utvikling og karrierelæring, og viser dømmekraft i drøfting av etiske dilemma. Elevane viser òg kompetanse i utdanningsval ved å gjere greie for moglegheiter i utdanning og arbeid og bruker kunnskapen til å drøfte eigne planar for vidare karriere. Elevane utviklar kompetanse i utdanningsval når dei i aukande grad bruker ulike strategiar og fagomgrep for å uttrykkje fagkompetansen sin, individuelt og i samhandling med andre.
Læraren skal leggje til rette for undervisningsforløp som opnar for læring der kompetansen til eleven kan komme til syne på ulike måtar. Gjennom eit variert sett av læringssituasjonar og gjennom dialog med lærar skal den enkelte eleven bli medviten om eiga meistring. Elevane skal få læringsfremjande tilbakemeldingar som motiverer og rettleier dei til å arbeide vidare med temaa eigen utvikling, utdanningssystem og arbeidsliv.