Vg3 truck- og liftmekanikarfaget (TLM03‑01)
Tverrfaglege tema
- Nynorsk
- Ingen andre språk tilgjengeleg
Laster

Berekraftig utvikling
I vg3 truck- og liftmekanikarfaget handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om alternative energikjelder og miljømedvitne val innanfor reparasjon og vedlikehald av truck og lift med tilhøyrande utstyr. Vidare handlar det om kjemikaliebehandling, reinhald, kjeldesortering og sirkulærøkonomi ved gjenbruk av komponentar.