Produksjonsteknikkfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (PRT05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter kvalitet
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- bruke og velje målemetode og måleutstyr i samsvar med arbeidsoppgåver og vurdere måleresultat i samsvar med toleransar (Henta frå læreplan i vg2 industriteknologi)
- planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere arbeidsoppgåver ut frå produksjonsordrar, kvalitetskrav og gjeldande retningslinjer
- tolke og bruke kvalitetsstyringssystemet i bedrifta og gjennomføre kvalitetstestar og kvalitetskontrollar
- registrere produksjonsdata i produksjonsstyringssystemet i bedrifta
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen kvalitet når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen kvalitet. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i lærefaget. Kompetanasemåla i alle modulane skal forståast i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha éin midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i kvalitet. Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.
