Instrument, kor, samspel (MUS05‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Instrument, kor, samspel handlar om utøvande dimensjonar ved musikk, musikalsk formidling og oppleving av musikk. Faget gir elevane høve til å utøve musikk åleine og saman med andre og til å utvikle identitet og personleg uttrykk gjennom musikk. Gjennom gjentekne meistringserfaringar med å utøve og formidle musikk legg faget til rette for at elevane i framtida kan bidra kulturelt i samfunnet. Vekta faget legg på øving for å nå langsiktige mål, kan bidra til å styrkje kompetansen til elevane og moglegheita deira for vidare studiar og aktiv deltaking i arbeidslivet.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Instrument, kor, samspel skal bidra til at dei ulike musikalske bakgrunnane til elevane blir anerkjende og verdsette. Faget skal òg leggje til rette for å styrkje kompetansen til elevane i å samhandle og å utvikle respekt for kvarandre sine ulike musikalske preferansar og erfaringar. Gjennom skapande og utøvande prosessar i eit mangfaldig fellesskap bidreg faget til å utvikle ein kritisk og undersøkjande haldning og til etisk og estetisk medvit. Instrument, kor, samspel skal òg bidra til at elevane kan føre kulturarven vidare og skape nye musikalske uttrykk, og på den måten bidra til å oppfylle behovet for kunst og kultur i framtidige generasjonar.