Ergonomi og bevegelse (MUS04‑02)
Kompetansemål og vurdering
Forklaring
Kompetansemål etter ergonomi og rørsle 2
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- øve på og utføre varierte rørsleaktivitetar åleine og saman med andre
- ,
Å planleggje er å lage ei framdrift for å nå eit mål. Planen beskriv korleis vi har tenkt å gå fram for å oppnå målet, og kan vise samanhengen mellom aktivitetar, gjennomføring og mål.
ogÅ gjennomføre er å setje i verk, utføre og fullføre, for eksempel ei oppgåve, ei undersøking eller eit planlagt arbeid.
eigentrening med varierte rørsleaktivitetar som utviklar fleksibilitet, styrke og uthaldÅ dokumentere er å vise kva vi har gjort, og gjerne òg korleis og kvifor. Dokumentasjonen kan ha ulik form og vise kvaliteten på ein arbeidsprosess, eit produkt eller ei teneste.
- og vise musikalsk form, uttrykk og spenningsforløp gjennom varierte rørsler
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
- over betydninga kroppsleg erfaring av musikk har for musikalsk forståing og estetiske opplevingar
Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- over samanhengar mellom god fysisk helse, arbeidsfysiologi for musikarar og musikkutøving
Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- mentale teknikkar knytte til psykisk uthald og førebuing til framføringssituasjonar, og
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
over eiga oppleving av meistringÅ reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i ergonomi og rørsle 2. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei planlegg, gjennomfører og dokumenterer eigentrening. Elevane viser og utviklar òg kompetanse når dei utforskar samanhengar mellom musikkutøving og fysisk og mental helse, og når dei reflekterer over og viser korleis mental trening og arbeidsfysiologi kan brukast praktisk i eiga musikkutøving. Vidare viser og utviklar elevane òg kompetanse i faget når dei arbeider praktisk, kroppsleg og skapande med formelementa og spenningsforløpa til musikken.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane får erfare rørsleglede og meistringskjensle gjennom varierte former for fysisk aktivitet og kroppslege uttrykk. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira når dei utviklar fysiske ferdigheiter og kroppsleggjer oppleving av musikk, og elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å forstå samanhengen mellom eigentrening, god arbeidsfysiologi og god helse, og betydninga dette har for eiga musikkutøving.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har ved avslutninga av opplæringa etter ergonomi og rørsle 2. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i ergonomi og rørsle 2 basert på kompetansen elevane har vist gjennom å delta i varierte rørsleaktivitetar og -former, reflektere over samanhengar mellom rørsle og musikk og dokumentere eigentrening, og korleis dei har vist at kunnskap om arbeidsfysiologi og mental trening er relevant for eiga musikkutøving.