Ergonomi og bevegelse (MUS04‑02)
Kompetansemål og vurdering
Forklaring
Kompetansemål etter ergonomi og rørsle 1
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- øve på og utføre varierte rørsleaktivitetar åleine og saman med andre
- og
Å gjennomføre er å setje i verk, utføre og fullføre, for eksempel ei oppgåve, ei undersøking eller eit planlagt arbeid.
eigentrening som utviklar fleksibilitet, styrke og fysisk uthaldÅ dokumentere er å vise kva vi har gjort, og gjerne òg korleis og kvifor. Dokumentasjonen kan ha ulik form og vise kvaliteten på ein arbeidsprosess, eit produkt eller ei teneste.
- og vise musikalsk form og uttrykk gjennom rørsle og dans
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
- grunnleggjande arbeidsfysiologi for musikarar
Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
- mentale teknikkar knytte til psykisk uthald og prestasjonsførebuing
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i ergonomi og rørsle 1. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei øver på, deltek i og samhandlar i fysisk aktivitet. Elevane viser og utviklar òg kompetanse når dei utforskar samanhengar mellom musikkutøving og fysisk og mental helse. Vidare viser og utviklar elevane kompetanse når dei arbeider praktisk med korleis musikk kan bidra til å uttrykkje rørsle, og korleis rørsle kan bidra til å uttrykkje musikk.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane får høve til å erfare rørsleglede i fysisk aktivitet. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira når dei utviklar fysiske ferdigheiter og kroppsleggjer oppleving av musikk, og elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å forstå samanhengen mellom ein fysisk aktiv livsstil med eigentrening, god arbeidsfysiologi og god helse, og betydninga dette har for eiga musikkutøving.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har ved avslutninga av opplæringa etter ergonomi og rørsle 1. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i ergonomi og rørsle 1 basert på kompetansen elevane har vist gjennom å arbeide med varierte rørsleaktivitetar, vise forståing av betydninga av god arbeidsfysiologi og god mental helse knytt til musikkutøving, og vise forståing av samanhengar mellom musikk og kroppslege uttrykk.