Musikk (MUS01‑03)
Kompetansemål og vurdering

Ikke gyldig før 1.8.2026

Dette settet med kompetansemål er ikkje gyldig for 5. trinn–7. trinn før 1.8.2026. Fram til da er det forrige versjon av læreplanen som gjeld. Sjå meir informasjon under:

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 7. trinn

  • utøve eit repertoar av musikk, song, andre vokale uttrykk og dans frå samtida og historia
  • utforske og drøfte korleis musikk frå fortida påverkar musikken i dag
  • øve inn og framføre song og musikk, i samspel eller individuelt, gehørbasert og ved bruk av enkle notasjonsteknikkar
  • lytte, eksperimentere og skape nye uttrykk med instrument, kropp, stemme eller lyd frå andre kjelder, og presentere resultatet
  • bruke teknologi og digitale verktøy til å skape, øve inn og arbeide vidare med musikk
  • bruke fagomgrep i beskriving av og refleksjon over arbeidsprosessar, resultat, musikalske uttrykk og verkemiddel
  • utforske og formidle musikalske opplevingar og erfaringar
  • undersøkje korleis kjønn, kjønnsroller og seksualitet blir framstilt i musikk og dans i det offentlege rommet, og skape uttrykk som utfordrar stereotypiar
  • reflektere over korleis musikk kan spele ulike roller for utvikling av identiteten til individ og grupper

Undervegsvurdering