Vg3 kokkfaget (KOK03‑02)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg3 kokkfaget handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å reflektere over samanhengen mellom kosthald og folkehelse. Videre handlar det om å utvikle ein yrkesidentitet som bidreg til eit positivt sjølvbilete gjennom meistring og deltaking i eit fagleg og kollegialt yrkesfellesskap.
Demokrati og medborgarskap
I vg3 kokkfaget handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om respekt for ulike religionar, kulturar og mattradisjonar. Vidare handlar det om plikter og rettar i trepartssamarbeidet der arbeidsgivaren, arbeidstakaren og dei lovgivande myndigheitene jobbar saman om å utvikle eit betre arbeidsliv. Demokrati og medborgarskap handlar òg om å motverke arbeidslivskriminalitet, diskriminering og forskjellsbehandling.
Berekraftig utvikling
I vg3 kokkfaget handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om ei verd i endring som treng eit meir tilpassa forbruk av mat og drikke. Gjennom kunnskap om råvaretilgang og ressursutnytting, teknologiutvikling, avfallshandtering, gjenbruk og resirkulering skal lærlingane forstå korleis miljøet blir påverka lokalt og globalt.
