Vg3 helsearbeidarfaget (HEA03‑03)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg3 helsearbeidarfaget inneber å kommunisere gjennom dialog, presentasjonar og rapportar. Det inneber å kunne kommunisere med kollegaer og menneske i ulike livssituasjonar og frå ulike kulturar. Det inneber òg å kunne tilpasse eige språk til mottakaren, innhaldet og formålet og å lytte til og vise respekt for den ein snakkar med. Vidare inneber det å kunne bruke relevante faguttrykk og sikre at informasjon ikkje berre blir gitt, men forstått av mottakaren òg.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg3 helsearbeidarfaget inneber å dokumentere relevante opplysningar, skrive rapportar og utarbeide planar og dokumentasjon i samsvar med gjeldande krav. Det inneber òg å bruke eit presist fagspråk og tilpasse tekstar til ulike formål, mottakarar og medium og å utveksle informasjon og bruke kjeldekritikk.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg3 helsearbeidarfaget inneber å forstå og tileigne seg ny kunnskap og innsikt. Det inneber å forstå faglitteratur, lovtekstar, pasientopplysningar og planar. Det inneber òg å kjenne til og bruke relevant fagspråk i yrkesutøvinga og kritisk vurdere relevans og truverd.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg3 helsearbeidarfaget inneber å setje opp budsjett, føre rekneskap og berekne forbruk av tid og materiell. Det inneber å bruke rekneartar og måleiningar i arbeidet med helse, ernæring og kosthald. Vidare handlar det om enkel medikamentrekning.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg3 helsearbeidarfaget inneber å bruke digitale ressursar for å finne, handtere og dokumentere relevant informasjon om pasientar og brukarar. Vidare inneber det å bruke fagleg informasjon, kritisk vurdere kjeldene som blir brukte, og vise digital dømmekraft. Det handlar òg om å bruke digitale ressursar som verktøy i eige arbeid og i tverrfagleg samarbeid.
