Vg2 elenergi og ekom (ELE02‑03)
Kompetansemål og vurdering
Forklaring
Kompetansemål etter elektronisk kommunikasjon
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- ,
Å planleggje er å lage ei framdrift for å nå eit mål. Planen beskriv korleis vi har tenkt å gå fram for å oppnå målet, og kan vise samanhengen mellom aktivitetar, gjennomføring og mål.
, setje i drift, kontrollere ogÅ gjennomføre er å setje i verk, utføre og fullføre, for eksempel ei oppgåve, ei undersøking eller eit planlagt arbeid.
yrkesoppgåver knytte til faget elektronisk kommunikasjon både individuelt og i samarbeid med andre ut frå gjeldande regelverk, normer og teknisk underlag og grunngi vala som er gjordeÅ dokumentere er å vise kva vi har gjort, og gjerne òg korleis og kvifor. Dokumentasjonen kan ha ulik form og vise kvaliteten på ein arbeidsprosess, eit produkt eller ei teneste.
- utføre arbeidet i faget elektronisk kommunikasjon i samsvar med interne rutinar for elsikkerheit og personsikkerheit
- utføre systematisk feilsøking og utbetre feil i elektroniske kommunikasjonsnett ved hjelp av eigna måleinstrument, programvare og teknisk dokumentasjon ogmåleresultat opp mot gjeldande regelverk og berekna verdiar
Å vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
- eigna verktøy og materiell i utføringa av yrkesoppgåvene, og funksjonsteste måleinstrument og halde ved like skøyte- og termineringsverktøy
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- utføre sluttkontroll av yrkesoppgåver i faget elektronisk kommunikasjon ogmåleresultat opp mot gjeldande regelverk og berekna verdiar
Å vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
- montere og konfigurere trådbaserte og trådlause styringssystem med sensorar for styring av utstyr i elektriske anlegg og installasjonar ogtiltak for å vareta personvern og datasikkerheit
Å vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
- montere og konfigurere elektroniske system for sikring av liv, helse og verdiar ogkva behov systema har for sekundær straumforsyning
Å vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
- utføre dekningsmålingar, foreslå nødvendig tal på og type aksesspunkt i trådlause kommunikasjonsnett ogkva forhold som påverkar signalkvaliteten
Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
- montere og funksjonsteste elektroniske kommunikasjonsnett for dataoverføring og kringkasting ognødvendige tiltak for å vareta signalstyrke, stabilitet og hastigheit i forhold til ytre påverknader
Å vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
- montere og konfigurere lågspent energiforsyning over elektronisk kommunikasjonsnett ogmoglegheiter og avgrensingar ved vald løysing
Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
- utføre terminering og skøyting av optiske og elektriske kablar ved hjelp av eigna verktøy og rettleiingar frå produsentane og kontrollere at forbindelsen tilfredsstiller gjeldande krav
- rutinar og metodar for sikker datasletting for å unngå at personopplysningar eller andre sensitive data kjem på avvegar
Å beskrive er å skildre eller gi att ei oppleving, ein situasjon, ein arbeidsprosess eller eit fagleg emne. Å beskrive noko kan òg vere å bruke relevante fagomgrep for å systematisere kunnskap om emnet.
- handtere avfall etter eige arbeid på ein fagleg, miljøvennleg og økonomisk måte, vareta personvern og slette sensitive data ved avhending av digitalt utstyr
- kvaliteten på eige arbeid med tanke på estetikk og funksjon og foreslå forbetringar
Å vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
- korleis elektronisk kommunikasjon og informasjonsspreiing både kan støtte og true demokratiske prosessar, og korleis elektronisk kommunikasjon og elektrisitet kan bidra til velferd i livet til menneske
Å drøfte er å belyse ei sak ved å trekke fram ulike sider av saka, og argumentere både for og imot. Drøftinga kan slutte med ein konklusjon. Å drøfte kan vi gjere sjølvstendig og i dialog med andre. Ordskifte mellom fleire om eit saksforhold kan bety det same som å diskutere.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i elektronisk kommunikasjon når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer begge programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i elektronisk kommunikasjon. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i elektronisk kommunikasjon ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i elektronisk kommunikasjon basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.