Scenisk dans (DAN02‑02)
Kompetansemål og vurdering
Forklaring
Kompetansemål etter scenisk dans 1
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- utøve dans med ulike rørslekvalitetar og kinestetisk medvit
- vise ogsentrale dansetekniske prinsipp i ulike dansesjangrar
Å beskrive er å skildre eller gi att ei oppleving, ein situasjon, ein arbeidsprosess eller eit fagleg emne. Å beskrive noko kan òg vere å bruke relevante fagomgrep for å systematisere kunnskap om emnet.
- og
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
formidling og uttrykk i ulike dansesjangrarÅ beskrive er å skildre eller gi att ei oppleving, ein situasjon, ein arbeidsprosess eller eit fagleg emne. Å beskrive noko kan òg vere å bruke relevante fagomgrep for å systematisere kunnskap om emnet.
- samspelet mellom dans, musikk, rom og meddansarar
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
- rørslemoglegheiter gjennom improvisasjon, åleine og i samhandling med andre
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
- og
Å dokumentere er å vise kva vi har gjort, og gjerne òg korleis og kvifor. Dokumentasjonen kan ha ulik form og vise kvaliteten på ein arbeidsprosess, eit produkt eller ei teneste.
over eige arbeid med dansÅ reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i scenisk dans 1. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget gjennom å øve på og utforske danseteknikkar, rørslekvalitetar og rørslemoglegheiter. Vidare viser og utviklar dei kompetanse ved å samhandle med andre og reflektere over samanhengar mellom utøving, utforsking og eiga læring i faget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved å gi elevane høve til å utforske ulike sjangrar, tilnærmingar til danseutøving og kunstnariske kontekstar. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i teknikk, formidling og kreativt arbeid med scenisk dans, og elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å vidareutvikle eigen teknikk, eiga danseutøving og eiga evne til improvisasjon.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har ved avslutninga av opplæringa etter scenisk dans 1. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i scenisk dans 1 basert på kompetansen eleven har vist i arbeid med teknikk og danseutøving og improvisasjon, og ved utforsking av eigne rørslemoglegheiter og refleksjon over eiga utvikling.