Grunntrening i dans (DAN01‑02)
Kompetansemål og vurdering
Forklaring
Kompetansemål etter grunntrening i dans 2
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- ,
Å planleggje er å lage ei framdrift for å nå eit mål. Planen beskriv korleis vi har tenkt å gå fram for å oppnå målet, og kan vise samanhengen mellom aktivitetar, gjennomføring og mål.
ogÅ gjennomføre er å setje i verk, utføre og fullføre, for eksempel ei oppgåve, ei undersøking eller eit planlagt arbeid.
treningsprogram som fremjar eiga utvikling i dansÅ vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
- samanhengar mellom trening, restitusjon og skadeførebygging for dansarar
Å drøfte er å belyse ei sak ved å trekke fram ulike sider av saka, og argumentere både for og imot. Drøftinga kan slutte med ein konklusjon. Å drøfte kan vi gjere sjølvstendig og i dialog med andre. Ordskifte mellom fleire om eit saksforhold kan bety det same som å diskutere.
- over og
Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
mentale strategiar i dansetreningÅ bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- samanhengen mellom helsefremjande kosthald, livskvalitet og utvikling i dans
Å drøfte er å belyse ei sak ved å trekke fram ulike sider av saka, og argumentere både for og imot. Drøftinga kan slutte med ein konklusjon. Å drøfte kan vi gjere sjølvstendig og i dialog med andre. Ordskifte mellom fleire om eit saksforhold kan bety det same som å diskutere.
- formidle kunnskap om funksjonell anatomi gjennom trening og i refleksjon over eiga utvikling i dans
- samanhengar mellom trening, rørsleglede og helse for dansarar
Å drøfte er å belyse ei sak ved å trekke fram ulike sider av saka, og argumentere både for og imot. Drøftinga kan slutte med ein konklusjon. Å drøfte kan vi gjere sjølvstendig og i dialog med andre. Ordskifte mellom fleire om eit saksforhold kan bety det same som å diskutere.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i grunntrening i dans 2. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei tek i bruk og reflekterer over ulike fysiske og mentale treningsformer for å utvikle eiga danseutøving. Dei viser og utviklar òg kompetanse i faget når dei drøftar og reflekterer over eigne treningsstrategiar og samanhengen mellom trening, helse og funksjonell anatomi i danseutøving.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved å la elevane delta i planlegging av ulike treningsprogram og andre aktivitetar som fremjar rørsleglede og meistringskjensle. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira og gi elevane høve til å forstå samanhengar mellom ulike treningsformer, helse og utvikling i dans, og elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å vidareutvikle forståinga av samanheng mellom trening, kropp og helse, livskvalitet og danseutøving.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har ved avslutninga av opplæringa etter grunntrening i dans 2. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i grunntrening i dans 2 basert på kompetansen eleven har vist gjennom å arbeide med ulike treningsprogram, og ved å vise forståing av samanhengen mellom trening, dansarisk utvikling og livskvalitet.