Bilfaget, demontering av køyretøy (BDK03‑01)
Kjerneelement

Helse, miljø og sikkerheit
Kjerneelementet helse, miljø og sikkerheit handlar om å følgje rutinar for helse, miljø og sikkerheit og risikovurdere arbeidsmetodar i samsvar med gjeldande regelverk. Vidare handlar det om å bruke verneutstyr tilpassa kvar enkelt arbeidsoppgåve i verkstaden. Det handlar også om å utføre sikring ved arbeid på system med høg spenning, høgt trykk og eksplosjonsfarleg gass og å sikre køyretøy på løftebukk og anna løfteutstyr. I tillegg handlar det om å førebyggje belastningsskadar knytte til arbeid med demontering og reingjering av køyretøydelar og arbeid med avfallshandtering.
Miljøsanering
Kjerneelementet miljøsanering handlar om å skilje ut, identifisere og klassifisere farleg avfall og kjeldesortere avfallet. Vidare handlar det om å demontere køyretøy etter gjeldande regelverk og handtere avfall på ein måte som reduserer miljøpåverknaden. Kjerneelementet handlar også om ta ut materiale og førebu dei for gjenvinning.
Demontering og gjenbruk
Kjerneelementet demontering og gjenbruk handlar om å demontere køyretøyet og registrere skadeomfanget. Vidare handlar det om å kvalitetskontrollere komponentane og materiala for skadar og slitasje. Kjerneelementet handlar også om å vurdere kva komponentar som kan gjenbrukast, ombrukast eller gjenvinnast, og om å følgje kvalitetsmerkingane i bransjen.