Bilfaget, demontering av køyretøy (BDK03‑01)
Fagrelevans og sentrale verdiar

Vg3 bilfaget, demontering av køyretøy handlar om å demontere og gjenbruke delar frå ulike køyretøy, gjenvinne materiale og redusere avfall. Faget skal bidra til at lærlingane utviklar kompetanse i å vurdere tilstanden til dei ulike komponentane og materiala for å kunne avgjere kva som kan gjenbrukast eller resirkulerast. Vidare skal faget bidra til å dekkje behovet samfunnet og arbeidslivet har for kompetanse innan miljøvennleg demontering, sikker gjenbruk og forsvarleg handtering av avfall frå køyretøy, i tråd med gjeldande regelverk og høge krav til miljø og gjenvinning.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 bilfaget, demontering av køyretøy skal bidra til å utvikle kritisk tenking gjennom diskusjon om og refleksjon over val av metodar for sikker handtering av ulike delar og arbeid på køyretøy. Etisk medvit blir utvikla gjennom refleksjon over gjenbruk og val av metodar og korleis desse refleksjonane kan påverke helse, miljø og sikkerheit og sosiale forhold. Utforskartrong blir utvikla gjennom praktiske oppgåver med demontering og gjennom forståing av oppbygginga av og teknologien i køyretøya. Faget skal bidra til samarbeid med andre, uavhengig av kjønn og kultur, og til mangfald i bransjen. Vidare skal faget bidra til at fagarbeidaren gjennom kritisk tenking, etisk vurdering og refleksjon tek ansvarlege val knytte til ressursutnytting og berekraftig utvikling.