Læreplan i trebåtbyggerfaget Vg3 / opplæring i bedrift (TRB3-01)

Utgår gradvis


Denne læreplanen utgår gradvis fra 1.8.2022

Mer om gyldighet og innføring av ny læreplan

Etter Vg3

Teikning

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • bruke arbeidsteikningar og tabellar i trebåtbyggjarfaget
  • gjere oppslag av ulike delar av båten i full storleik
  • lage malar ut frå teikning og oppslag
  • lage frihandsskisser og enkle modellar som førebuing til produksjon
  • velje form og overflatebehandling og grunngi valet ut frå bruksområde og estetikk
  • gjere greie for lokale særtrekk ved trebåtbygging og setje desse inn i ein nasjonal og internasjonal samanheng

Produksjon

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • handtere og lagre trematerialar for aktuell produksjon
  • kvalitetssortere og bruke trevirke og anna materiale
  • bruke verktøy og teknikkar tilpassa ulike materialar, ergonomi og tidsbruk
  • bruke mekaniske og kjemiske forbindingsmetodar tilpassa aktuelle bruksområde
  • bruke ulike middel og metodar for tetting
  • lage rundholt til ulike formål
  • utføre trearbeid i samband med tekniske installasjonar
  • halde ved like verktøy, maskiner og utstyr
  • utføre overflatebehandling tilpassa material, bruksområde og miljø
  • rekne ut kostnader ved eigen produksjon
  • gjennomføre og dokumentere arbeid i samsvar med gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik og rutinar for internkontroll
  • gjere greie for og rette seg etter gjeldande regelverk for trebåtbyggjarfaget

Vedlikehald

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • vurdere tilstand og utarbeide vedlikehaldsprogram for trebåtar
  • vurdere og grunngi behov for reparasjon og restaurering og beskrive kva arbeidet inneber
  • utføre ulike typar reparasjonsarbeid på trebåtar
  • utføre vedlikehald tilpassa materiale, båttype og bruksområde
  • gjere overslag over kostnader for vedlikehald, reparasjon og restaurering

Side 6 Av 7

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!