Bransje, fag og miljø
Bransje, fag og miljø
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne- gjere greie for rammevilkåra til dei ulike bransjane
- gjere greie for relevant regelverk for matfaget og følgje det i praksis
- bruke relevante faguttrykk
- gjere greie for fellestrekk og særmerke for yrka innan matfag
- gjere greie for helse, miljø og tryggleik innan matfag, og følgje føresegnene i praksis
- følgje ergonomiske prinsipp og bruke riktig verneutstyr
- praktisere førstehjelp som er relevant for matfag
- drøfte bransjane sin påverknad på det ytre miljøet og gjere miljøbevisste val ved produksjon og avfallshandtering
- drøfte etiske problemstillingar knytte til produksjon og sal av mat og drikke
Side 9 Av 10