Læreplan i matematikk (MAT1-01)

Utgått


Denne læreplanen har utgått.

Vurdering

Retningsliner for sluttvurdering:

Standpunktvurdering

Årssteg

Ordning

10. årssteget

Elevane skal ha ein standpunktkarakter.

Vg1 yrkesfaglege utdanningsprogram Vg1 studieførebuande utdanningsprogram Vg2 studieførebuande utdanningsprogram Påbygging til generell studiekompetanse

Elevane skal ha ein standpunktkarakter.

Der faget går over fleire år, er det berre standpunktvurderinga på det øvste nivået som eleven har i faget, som kjem fram på kompetansebeviset eller vitnemålet. Unnateke frå dette er dokumentasjon for påbygging til generell studiekompetanse, der òg standpunktkarakteren frå Vg1 yrkesfaglege utdanningsprogram skal førast.

Eksamen for elevar

Årssteg

Ordning

10. årssteget

Elevane kan trekkjast ut til skriftleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Elevane kan òg trekkjast ut til munnleg eksamen. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Vg1 yrkesfaglege utdanningsprogram

Elevane kan trekkjast ut til skriftleg eller munnleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Vg2 studieførebuande utdanningsprogram

Elevane kan trekkjast ut til skriftleg eller munnleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen omfattar heile faget (224 timar).

Påbygging til generell studiekompetanse

Elevane kan trekkjast ut til skriftleg eller munnleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen omfattar berre faget i påbygging til generell studiekompetanse (140 timar).

Eksamen for privatistar

Årssteg

Ordning

10. årssteget

Sjå ordninga som gjeld for grunnskole-opplæring for vaksne.

Vg1 yrkesfaglege utdanningsprogram

Privatistane skal opp til skriftleg eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Vg2 studieførebuande utdanningsprogram

Privatistane skal opp til skriftleg eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Eksamen omfattar heile faget (224 timar).

Påbygging til generell studiekompetanse

Privatistane skal opp til skriftleg eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Eksamen omfattar berre faget i påbygging til generell studiekompetanse (140 timar).

Dei generelle retningslinene om vurdering er fastsette i forskrifta til opplæringslova.

Side 14 Av 14

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!