Læreplan i kroppsøving (KRO1-03)

Utgått


Denne læreplanen har utgått.

Hovudområde

Faget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for. Hovudområda skal utfylle kvarandre og må sjåast i samanheng.

Faget er eit fellesfag for alle utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring. Opplæringa skal difor gjerast mest mogleg relevant for elevane ved tilpassing til dei ulike utdanningsprogramma.

Kroppsøving har kompetansemål etter 4., 7. og 10. årssteget i grunnskolen og etter Vg1, Vg2 og Vg3 i den vidaregåande opplæringa.

Oversikt over hovudområda:

Årssteg

Hovudområde

1.–4.

Aktivitet i ulike rørslemiljø

5.–7.

Idrettsaktivitet

Friluftsliv

8.–10.

Idrettsaktivitet

Friluftsliv

Trening og livsstil

Vg1–Vg3

Idrettsaktivitet

Friluftsliv

Trening og livsstil

Aktivitet i ulike rørslemiljø

Hovudområdet aktivitet i ulike rørslemiljø omfattar utvikling og automatisering av naturlege, grunnleggjande rørsler i ulike miljø, både inne og ute. Organiserte aktivitetar og spontan leik i varierte miljø er sentrale element. Hovudområdet omfattar òg grunnleggjande kunnskap om kroppen og personleg hygiene.

Idrettsaktivitet

Hovudområdet idrettsaktivitet omfattar eit breitt utval av idrettar, dansar og alternative rørsleaktivitetar. Det skal leggjast vekt på rørsleleik, og på skapande og utøvande aktivitet tilpassa føresetnadene hos elevane. Utvalet vil variere med lokale forhold og individuelle interesser. Deltaking i og framføring av dansar, både eigenproduserte dansar og dansar frå ulike kulturar, mellom anna frå ungdomskulturane, er ein del av det. Organisert aktivitet, fri aktivitet og eksperimentering står sentralt som aktivitetsområde. Dessutan er fair play og felles reglar ein viktig del av faget. Omgrepet fair play omfattar det å vise respekt for kvarandre i ulike aktivitetar. Samhandling og det å gjere kvarandre gode er sentrale element i omgrepet.

Friluftsliv

Hovudområdet friluftsliv omfattar kompetanse som trengst for å kunne ferdast i og verdsetje opphald i naturen. Det skal leggjast vekt på lokale friluftstradisjonar, bruk av nærmiljøet og korleis ein kan orientere seg og opphalde seg i naturen til ulike årstider.

Trening og livsstil

Hovudområdet trening og livsstil omfattar korleis ulike aktivitetar kan påverke helsa hos den enkelte. Samanhengar mellom aktivitet og livsstil, baserte på interesser og meistring hos den einskilde, er sentrale emne på dette området. Det skal òg leggjast vekt på kunnskap, erfaring og refleksjon for å gjennomføre ulike aktivitetsformer og eigentrening som grunnlag for ein aktiv livsstil, og ta omsyn til eigne og andre sine føresetnader. Korleis ein kan drive helsefremjande aktivitet og arbeide ergonomisk rett, er òg viktige emne.

Side 2 Av 12

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!