Programområde for brønnteknikk - læreplan i felles programfag Vg2 (BRT2-02)

Utgått


Denne læreplanen har utgått.

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av denne kompetansen. I brønnteknikk forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Munnlege og skriftlege ferdigheiter i brønnteknikk inneber å forklare kva som blir gjort når ein utfører faglege oppgåver. Det inneber også å gi klar og presis rapportering om utføringa av arbeidsprosessane, som del av kvalitetsarbeidet.

Å kunne lese i brønnteknikk inneber å forstå arbeidsforklaringar, prosedyrar og standardar som blir nytta i faget. Det inneber også å forstå relevant regelverk.

Å kunne rekne i brønnteknikk inneber å berekne volum, tilsetjingsstoff i slam, trykket i brønnar og brønnteknisk utstyr og lengda på produksjonsrør.

Digitale ferdigheiter i brønnteknikk inneber å hente opp og følgje prosedyrar for boring, komplettering og vedlikehald og å bruke digitale verkty for sikker jobbanalyse og jobbrapportering. Det inneber å søkje etter informasjon på nettet og kommunisere med andre.

Side 4 Av 10

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!