Sysselsetjing av fagutdanna

Fleire fagarbeidarar er i jobb eitt år etter fagprøva

Nesten 83 prosent av dei som bestod fag- eller sveineprøva i 2021 og 2022 er i jobb første år etter utdanninga. Sysselsetjingsgraden er høgast i bygg- og anleggsteknikk.

Hovudfunn

  • I alt var nesten 83 prosent av dei nyutdanna i jobb eitt år etter fag- eller sveineprøva, det er ei auke på 2 prosentpoeng frå i fjor.
  • Blant lærlingane var om lag 77 prosent i jobb, mens prosentdelen er høgare for praksiskandidatane med 96 prosent.
  • Bygg- og anleggsteknikk har høgast del nyutdanna i jobb.
  • Blant fylka er det Innlandet, Trøndelag og Nordland som har høgast sysselsetjingsgrad blant dei nyutdanna.

Høg sysselsetjingsgrad for praksiskandidatar

Nær 83 prosent av dei som bestod fag- eller sveineprøva i 2021 og 2022, var i arbeid i november året etter. Ein kan ta fag- eller sveineprøve som lærling, praksiskandidat og elev. Sysselsetjingsdelen varierer mellom desse gruppene. Av dei som fekk fag- eller sveinebrev som lærling, var 77 prosent i arbeid året etter, medan 18 prosent var i utdanning.

Nesten alle praksiskandidatar var i arbeid første året etter fagprøva. Dette er personar som har tilstrekkeleg arbeidserfaring til å gå opp til fagprøve utan læretid. Av elevane som har fullført fagopplæring i skule, var 65 prosent i arbeid året etter. Fagopplæring i skule er eit tilbod til søkjarar som ikkje får læreplass, der elevane får opplæring i faget ved skulen i staden for i bedrift. 16 prosent dei som tok fagopplæring i skule, var utanfor arbeid og utdanning første år etter fagprøva. Dette er ein nedgang frå tidlegare årskull.

Bygg- og anleggsteknikk har høgast del i arbeid

Sysselsetjingsstatus for nyutdanna fagarbeidarar varierer mellom utdanningsprogramma. Bygg- og anleggsteknikk hadde høgast sysselsetjingsgrad, med 89 prosent. Tilsvarande del i design og handverk er 74 prosent.

Det er òg forskjellar i delen som verken er i arbeid eller utdanning. I restaurant- og matfag var 7 prosent verken i utdanning eller arbeid eit år etter fagprøva, medan tilsvarande tal for helse- og oppvekstfag berre var 4 prosent. Sysselsetjingsdelen varierer også internt i utdanningsprogramma. Nesten alle, 94 prosent, som tek sjømatproduksjon er i jobb etter eit år, medan 71 prosent av dei som tek konditorfaget er i jobb etter eit år.

Innlandet, Trøndelag og Nordland har flest nyutdanna fagarbeidarar i jobb

Delen nyutdanna fagarbeidarar i jobb varierer frå 85 prosent i Innlandet, Trøndelag og Nordland, til 78 prosent i Møre og Romsdal.

Mange av fylka med lågast del i arbeid, har dei høgaste delane som er i utdanning. Dei har altså ikkje nødvendigvis høge delar som står utanfor arbeid og utdanning. Møre- og Romsdal, med lågast del fagarbeidarar i arbeid, har til dømes høgast del som held fram i utdanning.

Det er forskjellar mellom fylka i delen som er utanfor både arbeid og utdanning. I Oslo og Agder er høvesvis 7 og 6 prosent av fagarbeidarane utanfor utdanning og arbeid, mens tilsvarande del er 4 prosent i Nordland, Trøndelag og Innlandet.

Stabil utvikling i sysselsetjing det siste året

Utviklinga i sysselsetjinga blant dei nyutdanna fagarbeidarane speglar den generelle sysselsetjingsutviklinga i økonomien. I 2020 var det stor uvisse i arbeidsmarknaden som følgje av koronapandemien, noko som gjorde det vanskelegare for nyutdanna fagarbeidarar å få jobb.

Fleire fortsette med utdanning eller var både utanfor arbeid eller utdanning. Økonomien og sysselsetjinga fortsette å betre seg i 2022 og fleire nyutdanna fagarbeidarar fekk jobb. Nokre fortsette òg med utdanning. I 2022 var det færre utanfor både arbeid og utdanning som følgje av at fleire var i jobb.

Frå årskulla 2015 og 2016 til årskulla 2021 og 2022 har det vore ein auke i talet på nyutdanna fagarbeidarar i arbeid etter eitt år på om lag 7 800 personar. Delen nyutdanna som er i arbeid har likevel ikkje auka med meir enn rundt tre prosentpoeng i same periode.

Ulike vegar til yrkeskompetanse

1 av 3 som har fullført yrkeskompetansefag held fram med utdanning

Nærare 3 900 elevar fekk vitnemål med yrkeskompetanse i 2021 og 2022. Over halvparten, 65 prosent, av desse elevane gjekk på helse- og oppvekstfag.
Av elevane som fekk vitnemål med yrkeskompetanse, er 57 prosent i arbeid første året etter dei er ferdige med utdanninga. 31 prosent er framleis i utdanning, medan 12 prosent verken er i arbeid eller utdanning. Delen som går ut i arbeid, er høgare enn delen frå åra før pandemien.

6 av 10 av dei nyutdanna lærekandidatane er i jobb

Av dei 1 200 lærekandidatane som fekk kompetansebevis i 2021 og 2022, er 61 prosent i arbeid året etter. Dette er 3 prosentpoeng meir enn kulla 2020 og 2021, noko som isolert sett betyr at auken kjem frå 2022. 8 prosent er framleis i utdanning, mens 31 prosent verken er i arbeid eller utdanning.

Om statistikken