Årsaker til nedlagde skular

Lågt elevtal, dårleg kommuneøkonomi og ynskje om betre ressursutnytting er hovudårsakene til at skular vert lagt ned, viser rapportar frå fylkesmennene. I perioden 2007/2008-2009/2010 har 154 skular vorte lagt ned. Vel 6 000 elevar er omfatta av nedleggingane.

Utdanningsdirektoratet har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet bedt fylkesmennene melde inn årsakene til skulenedleggingar.

Årsaker til nedlagde skular

Få elevar og kommuneøkonomi er oppgitt som dei mest vanlege årsakene til skulenedleggingar. Få elevar er oppgitt som årsak i vel 60 prosent av nedleggingane og kommuneøkonomien i om lag halvparten av tilfella.
Det er ofte ein kombinasjon av dårleg kommuneøkonomi og lågt elevtal.

Nokre nedleggingar skuldast i tillegg dårlege og lite hensiktsmessige bygningar og utilfredsstillande pedagogisk tilbod.

Store fylkesvise forskjellar

Nordland og Møre og Romsdal er dei fylka der flest skular har vorte lagt ned med høvesvis 22 og 17 skular. Oslo og Aust-Agder har ingen reelle nedleggingar av ordinære grunnskular. Til saman er vel 6 000 elevar omfatta av nedleggingane.

Vesentlege endringar i skuleveg

Kartlegginga viser at 264 elevar har fått meir enn 20 km skuleveg ein veg som følgje av at skulen har vorte nedlagt. Også her er det store skilnader mellom fylka i kor mange elevar det gjeld.

Kvar er elevane flytta til?

Dei aller fleste elevane har vorte flytta til andre samanslåtte skular. I mange fylker har alle elevane vorte flytta til samanslåtte skular/overført til eksisterande skular. Det er berre i Møre og Romsdal, Hordaland og Nordland at det er oppretta nye private skular i perioden.