Utdanningsspeilet 2008 - analyse av grunnopplæringen, 2009

Læringsresultata frå grunnskulen og heimebakgrunnen til elevane er dei viktigaste årsakene til at mange elevar og lærlingar fell ut av vidaregåande opplæring. Dette kjem fram i Utdanningsspeilet 2008, som gir ei samla framstilling av aktuell statistikk, forsking og analysar om grunnopplæringa i Noreg.

Noen blikk i Utdanningsspeilet utdjupar i år to hovudtema. Det første er individuell vurdering gjennom intervju med deltakarar frå det nasjonale prosjektet Betre vurderingspraksis. Det andre er den internasjonale studien Trends in International Mathematics and Science Study (TIMSS 2007). Her er òg sentrale aktørar intervjua. Begge tema blir omtalte grundig i kapittel 6 om kvalitetsutvikling og i kapittel 3 om læringsresultat.

Fakta om grunnopplæringa

Trenden med at det blir stadig fleire store grunnskular held fram, og den delen av elevane som går på store skular, har auka.

Hausten 2008 var det 38 168 lærlingar i vidaregåande opplæring. Talet på lærlingar har auka sidan 2003–2004, og det er blant menn den største auken har skjedd.

Spansk er det faget flest elever vel som andre framandspråk på ungdomssteget, men det er ein auke i den delen av elevane som vel fordjuping i faga norsk eller engelsk.

Omfanget av elevar med spesialundervisning etter enkeltvedtak held fram med å auke. I 2008 var det ca 7 % av elevane i grunnskulen som fekk spesialundervisning. Nesten 70 % av desse er gutar.

Ressursar

Kor mykje ressursar som blir brukte per elev i grunnopplæringa, varierer relativt mykje mellom kommunar. Ulikskap i elevgrunnlaget, skulestruktur og busetnadsmønster er døme på faktorar som spelar inn. Variasjonen er noko mindre mellom fylkeskommunar, men er likevel betydelig. Frå 2007-2008 til 2008-2009 har det vore ein auke i talet på lærartimar per elev på alle stega, men veksten er sterkast for barnesteget. Det heng saman med det lovpålagde minstetimetalet som er auka det siste skuleåret.

Årsverk utført av assistentar held fram med å auke, frå nesten 10 prosent i skuleåret 2003-2004 til nesten 14 prosent i 2008-2009.

Svært få elevar i grunnskulen har ein kontaktlærar med ansvar for færre enn 10 elevar, men over halvparten av elevane har ein kontaktlærar med fleire enn 15 elevar i skuleåret 2008-2009.

Læringsresultat

Resultata frå den internasjonale studien TIMSS 2007 viser ei klar forbetring i dei faglege prestasjonane til norske elevar i matematikk, og til dels i naturfag, men framleis er prestasjonane til norske elevar svake i eit internasjonalt perspektiv.

Dei nasjonale prøvene viser relativt stor variasjon mellom kommunar og mellom fylka i dei grunnleggjande ferdigheitene til elevane i lesing, rekning og lesing på engelsk. Jentene skårar høgare enn gutane på leseprøva på 8. steget, og gutane høgare enn jentene på rekneprøva på 5. steget både i 2007 og 2008.

Karakterstatistikken frå 2008 på 10. steget viser små endringar frå tidlegare år. Dei største forskjellane i karakterane til elevane går mellom elevar med ulik sosial bakgrunn, det vil seie etter utdanningsnivået  til foreldra.

Gjennomføringsgraden i yrkesførebuande utdanningsprogram er langt lågare enn i dei studieførebuande programma, men av lærlingane som var oppe til fag- eller sveineprøve, bestod ca 91 prosent av dei prøva i 2008. Det var 1948 fleire personar som tok fag- eller sveineprøve i 2008 enn i 2007.

Læringsmiljøet

Trivselen til elevane er framleis høg i den norske skulen. På nasjonalt nivå seier ca 85 prosent at dei trivst godt; litt betre med medelevar og i friminuttet enn med læraren. Skulane har likevel ikkje greidd å redusere omfanget av mobbing i perioden 2005-2008. `

Det fysiske læringsmiljøet er elevane mellomfornøgde med. Dei er mest fornøgde med skulebiblioteka og lite fornøgde med toalettforholda. Den internasjonale studien TALIS 2008 avdekkjer m.a. at nesten all lærarane på ungdomssteget er fornøgde med jobben sin. Over 90 % har svart positivt på spørsmål om dette.

Rekruttering, gjennomføring og kompetanseoppnåing

Fråfallet i vidaregåande opplæring er framleis høgt. Sjølv om årsakene til fråfallet er mange, og mange fullfører vidaregåande opplæring i vaksen alder, er det likevel berre to tredjedelar som fullfører på normert tid. Litt fleire (ca 7 prosent) fullfører på meir enn normert tid. Fråfallet er større på yrkesfagleg enn på studieførebuande studieretning.

Sosial bakgrunn er den viktigaste faktoren for om ein person fullfører eller sluttar. Prosentdelen som sluttar, er høgst for dei som har foreldre med låg utdanning og vice versa. Elevar og lærlingar med innvandrarbakgrunn sluttar oftare enn elevar og lærlingar med norsk bakgrunn. Det er likevel læringsresultata deira frå grunnskulen og det gjennomsnittlege utdanningsnivået til foreldra som er hovudårsakene til forskjellane.

Kvalitetsutvikling

Utprøvinga av nasjonale kjenneteikn på måloppnåing, som er ein del av det nasjonale prosjektet Betre vurderingspraksis, har sidan 2007 medverka til eit sterkare fokus på individuell vurdering.

I evalueringa av prosjektet svarer over 80 prosent av lærarane i grunnskulen og i vidaregåande opplæring at kjenneteikn på måloppnåing kan medverke til meir fagleg relevante tilbakemeldingar til elevane. Funn frå føljeforskinga tyder mellom anna på at prosjektet har hatt ein positiv effekt når det gjeld kjennskap til kva som ligg i karakterane, og kva som skal til for å oppnå dei hos elevar på 10. steget. Men funna tyder òg på at det ikkje er heilt samsvar mellom korleis lærarane ser på sin eigen vurderingspraksis, og korleis elevane oppfattar tilbakemeldingane på korleis dei kan bli betre i faga.

* Tekstboksen om Assessment is for Learning (AifL) på side 99 i den trykte utgaven av Utdanningsspeilet 2008 har dessverre feil i teksten. Nettutgaven er korrigert pr 11.09.09.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!