Tilpassa opplæring - baselinerapport, 2006

Høgskulen i Volda har utarbeidd ein baselinerapport om tilpassa opplæring.  I rapporten blir ulike forskingsbaserte tilnærmingar til omgrepet og funn skildra. Vidare drøftar rapporten verkemidla for å oppnå betre tilpassa opplæring i Kunnskapsløftet.

På oppdrag frå Utdanningsdirektoratet har førsteamanuensis Kari Bachmann og professor Peder Haug, avdeling for lærarutdanning, Høgskulen i Volda utarbeidd ein statusrapport om tilpassa opplæring anno 2005. Utdanningsdirektoratet ønskte ei baseline om tilpassa opplæring som grunnlag for å vurdere utviklinga i Kunnskapsløftet. Oppdraget var å utvikle ein rapport som viser status for norske forskingsbaserte studiar av tilpassa opplæring, kva tema denne forskinga har gått inn på og kva forskinga fortel om praksisfeltet. Rapporten gir også informasjon om relevante område der det ikkje er gjort forsking.

Forsking om tilpassa opplæring gir ei samla forskingsbasert oversikt over det vi har av kunnskap om tilpassa opplæring. Det er likevel relativt store manglar når det gjeld statistikk og empiriske studiar om korleis tilpassa opplæring blir utforma i praksis. Rapporten tilrår at ein bør studere omgrepet ”tilpassa opplæring” og korleis det fungerar i praksis. Eit viktig forskingsbehov er å klargjere endringane i reforma for å oppnå tilpassa opplæring, dei samanhengane omgrepet inngår i, samt endring i praksis ved implementering av reforma.