Studie om lærlingformidling i tre fylke
Denne rapporten kartlegg korleis tre fylkeskommunar, Østfold, Rogaland og Nord-Trøndelag, arbeidar med å formidle søkjarar til læreplass. Kan ulik organisering forklare skilnad i resultat?
Det er eit mål å auke talet på læreplassar. Målet med denne kartlegginga var dels å avdekke om det er nokre fasar i formidlingsprosessen som sviktar og dels å sjå om nokon har system som er særskilt bra.
Fagopplæringa har ulik status frå fylke til fylke
Rapporten ser nærare på ulike moglege forklaringar til kvifor fylkene i ulik grad klarer å formidle læreplassar. Ein skilnad som rapporten peiker på, er at fagopplæringa i Rogaland har en sterkare posisjon enn i Østfold og Nord-Trøndelag. Dette gjeld både innad i fylkeskommunen, i næringslivet og kjem dessutan til syne gjennom den sentrale posisjonen til yrkesopplæringsnemnda i fylket.
God kontakt med bransjar og bedrifter over tid forpliktar til å ta i lærlingar
Rapporten konkluderer med at det viktigaste ikkje ser ut til å vere kva som skjer i formidlingsprosessen det einskilde året, men i kva grad fylka over lengre tid har klart å forplikte bedrifter i ulike bransjer og fag til regelmessig å ta inn lærlinger, og dermed også bidra til det opplæringsfellesskapet lærlingordningen representerer.