Særskilt tilrettelagde læremiddel, 2008

Ei undersøking som Oxford Research har utarbeidd på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet, syner eit betydeleg udekt behov for særskilt tilrettelagde læremiddel innafor dei mindre faga i Kunnskapsløftet.

Rapporten viser at fag med gjennomgåande læreplanar, til dømes norsk, matematikk, naturfag og engelsk, er best dekte med særskilt tilrettelagde læremiddel. Fag som KRL, musikk og kunst og handverk er ikkje like godt dekte. I vidaregåande opplæring ser det udekte behovet ut til å auke med stigande grad av fagspesialisering.

Behovet for særskilt tilrettelagde læremiddel ser ut til å vere avhengig både av ferdigheitene til elevane og av krava i faga. Dette er undersøkt for barnehagen, grunnskolen, vidaregåande opplæring, vaksne i grunnopplæringa, fagskolane og for studentar i lærarutdanninga.

Andre hovudfunn i rapporten er:

  • Det er fleire elevar på dei lågare trinna i grunnopplæringa enn på dei høgare som har behov for særskilt tilrettelagde læremiddel. Dekninga er også best på dei lågare trinna og i barnehagen.  
  • Det udekte behovet for særskilt tilrettelagde læremiddel er større for elevar som treng stor grad av tilrettelegging, enn for dei som treng liten grad av tilrettelegging.
  • Lærarar har udekte behov for metodisk rettleiingsmateriell.
  • Økonomi er ein barriere både for å utvikle og å ta i bruk tilrettelagde læremiddel.

Særskilt tilrettelagde læremiddel kjem i tillegg til dei ordinære læremidla. Omgrepet omfattar både læremiddel til eleven, rettleiingsmateriell og metodisk materiell, til dømes lærarrettleiingar og rettleiingsmateriell til den pedagogisk-psykologiske tenesta.

Rapporten byggjer på følgjande datamateriale både når det gjeld dei som har behov for læremiddel, og dei som ikkje har fått dekt behova sine for læremiddel:

 

  1. Ei spørjeundersøking som omfatta skoleleiarar på alle grunnskolar og vidaregåande skolar. Svarprosenten er låg, men undersøkinga blir, etter ei samla vurdering frå Oxford Research, sett på som representativ.
  2. Ei kvalitativ undersøking med representantar for Vox, kompetansesentra Tambartun, Huseby, Møller, Øverby og Sørlandet og ulike læremiddelutviklarar. Det er òg intervjua representantar frå PPT, vaksenopplæringssenter, opplæringskontor for lærlingar, førskolelærarar i barnehagar, lærarar i grunnskolen og vidaregåande skolar, og tilsette ved kontor for funksjonshemma ved lærarutdanninga på høgskolar og universitet i tre case-kommunar.